Hopp til innhold

Rettssaka mot Trump splittar USA – blant Republikanarane aukar oppslutninga

Halve USA meiner tiltalen mot ekspresident Donald Trump var rett. Men blant Republikanarane seier fleire at det no er meir sannsynleg at dei vil stemme på han.

Rettstegning av Donald Trump i retten.

Etter at tiltalen mot Trump vart offentleggjord, har oppslutninga om han auka blant Republikanarane.

Foto: JANE ROSENBERG / Reuters

84 prosent av Demokratane meiner tiltalen var rett, mot berre 16 prosent av Republikanarane, viser ei måling utført at Ipsos for nyheitsbyrået Reuters.

Trump leier no i kampen om nominasjonen til Republikanarane, med 58 prosents oppslutning. Det er opp frå 48 prosent i ei måling som vart gjord måndag, dagen før tiltalen kom.

40 prosent av Republikanarane seier at dei no er meir villige til å stemme på Trump som presidentkandidat. 12 prosent seier det motsette.

38 prosent seier at tiltalen ikkje har hatt nokon påverknad.

DeSantis tapar

Florida-guvernør Ron DeSantis, som har vorte peika på som ein god kandidat for Republikanarane i neste års val, ligg no på 21 prosent oppslutning.

Les meir Kan DeSantis redde Republikanarane frå Trump?

1004 vaksne amerikanarar deltok i målinga, som vart gjennomført onsdag og torsdag, etter at tiltalen vart kjend.

For heile undersøkinga er feilmarginen på 3,8 prosent, medan for tala som berre gjeld Republikanarane, er han på 6,3 prosent.

Tegning av Donald Trump i retten i New York 4. april 2023

Donald Trump nektar for alle punkt i tiltalen og kallar den politiske forfølginga.

Foto: JANE ROSENBERG / Reuters

Hysjpengar

Tysdag vart Trump tiltalt av statsadvokaten i New York for forfalsking av rekneskap, mellom anna ved feilaktig bokføring av betaling av såkalla hysjpengar. Det mest kjende tilfellet gjeld eit beløp på 130.000 dollar til pornoskodespelaren Stormy Daniels

Han er med det den første amerikanske ekspresidenten som er tiltalt i ei straffesak.

Les meir Slik skal Trump ha triksa med rekneskapen

Meiner skuldingane er sannsynlege

Sjølv om Demokratane og Republikanarane er delte i meiningane om tiltalen, er det overvegande mange i begge partia som trur at Trump utbetalte hysjpengar til pornoskodespelaren Stormy Daniels og modellen Karen Douglas. Det skal han ha gjort for at dei skulle halde tett om forhold dei hadde hatt til han.

73 prosent av alle amerikanarane trur at det skjedde, og 55 prosent av Republikanarane svarer det same.

Mange trur rettssystemet er politisk motivert

På same tid meiner tre av fire Republikanarar at enkelte i rettsvesenet jobbar for å øydeleggje for Trump gjennom politisk motiverte etterforskingar.

Ein av tre Demokratar er av same oppfatning.

51 prosent av alle som svarte – men berre 18 prosent av Republikanarane – meiner tiltalen burde gjere Trump diskvalifisert frå å stille i presidentvalet neste år.

Les meir Trump seier tiltalen er politisk forfølging

Donald Trump kom til sine egne på Mar-a-Lago natt til onsdag

Les meir Sirkus Trump på alle scener

Donald Trump etter stevnelsen.

SISTE NYTT

Siste nytt