NRK Meny
Normal

Tilspissa maktkamp i Ukraina

Ukrainas statsminister VIktor Janukovitsj nektar å godta president Viktor Justsjenko sitt dekret om å oppløyse parlamentet og skrive ut nyval.

Viktor Janukovitsj blilr hylla av tilhengjarar i Kiev.
Foto: GENIA SAVILOV / AFP

Dermed er sitausjonen ytterlegare tilspissa mellmom dei to hovudfiendane i ukrainsk politikk.

Statsministeren kallar presidenten sitt dekret for eit tragisk mistak,  og ber samstundes nasjonalforsamlinga om å halde fram arbeidet utan å bry seg om dekretet.

Justsjenko har varsla at nyvalet i landet vil bli 27. mai.

Ekstraordinær sesjon

Det vart i dag gjennomført ein ekstraordinær sesjon i nasjonalforsamlinga i Kiev. Statsminister Viktor Janukovitsj sa at dei no må vente på ei avgjerd i grunnlovsdomstolen om presidenten har handla i tråd med grunnlova.

 

Viktor Justsjenko har utlyst nyval i Ukraina i mai.
Foto: GLEB GARANICH / REUTERS

Før ei slik avgjerd ligg føre må nasjonalforsamlinga arbeide som normalt, sa han til parlamentsmedlemene i ein tale som også gjekk direkte på ukrainsk fjernsyn.

Janukovitsj sa også at han ville tvinge gjennom eit nytt presidentval, dersom ikkje Justsjenko rekkjer tilbake dekretet om å utlyse nyval.

Fleire hundre av Janukovitsj sine støttespelarar demonstrerer utanfor parlamentet til støtte for statsministeren.

Det var i ein dramatisk fjernsynstale i går kveld at Viktor Justsjenko, mannen bak oransjerevolusjonen for vel to år sidan, sa at det var heilt naudsynt å oppløyse nasjonalforsamlinga og skrive ut nyval.

Russisk uro

Det russiske utanriksdepartementet er sterkt uroa over den nye krisa i Ukraina. Dei to partane blir bedne om å prøve å kome fram til eit kompromiss, men dei to politiske motpolane verkar stå langt frå kvarandre.

President Viktor Justsjenko, som vart vansira i ansiktet på grunn av forgiting i forkant av oransjerevolusjonen, vil at Ukraina skal sjå mot vest og prøve å bli med i EU og NATO.

Statsminister Viktor Janukovitsj er tilhengjar av eit tett samarbeid med Russland, og har ikkje noko til overs for ideen om å knyte seg nærmare den vestlege verda.

Entusiasmen borte

Mykje av entusiasmen frå oransjerevolusjonen i 2005 er borte i det ukrainske folket. Folk har ikkje sett noko til den betre økonomien Justsjenko lovde då han kom til makta. Samstundes har han etter mange si meining forsura forholdet til Russland unødvendig mykje.

Justsjenko har skula leiren til Janukovitsj for å bryte dei konstitusjonelle lovene ved å lokke parlamentarikarar over på si side.

Støttespelarane til statsministeren kontrollererer i dag 250 av dei 400 plassane i det ukrainske parlamentet. Dersom Janukovitsj får støtte frå 50 til har han stort nok fleirtal i parlamentet til å endre grunnlova slik at presidenten sin makt blir mindre.

Tilhengjarane til statsminister Viktor Janukovitsj mobiliserer i Kiev.
Foto: GENIA SAVILOV / AFP

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt