Tre land har vore lamma i over eit halvt år. Ebolaepidemien har sett Sierra Leone, Liberia og Guinea ut av spel. Men ei brei mobilisering har klart å demme opp for epidemien, og deler av dei vestafrikanske samfunna er på veg opp att på beina.
I Guinea er 85 prosent tilbake på skulen
I dag var det skulestart ved fleire skular i Liberia, og i førre månad var det Guinea som opna skulane att. Sierra Leone, som er hardast råka av epidemien, har planlagd skulestart til 30. mars.
– Me ventar ikkje at alle skular opnar umiddelbart. Det tek vanlegvis ein månad før dei fleste av elevane er tilbake på plass i klasseromma, seier Unicef sin regionsdirektør for Vest- og Sentral-Afrika Manuel Fonatine.
- LES OGSÅ:
Mange har vore redde for at mange born ikkje kjem til å starte på skulegangen sin igjen, sidan familiane har blitt hardt råka av ebolaepidemien, og at borna difor trengst som arbeidskraft i heimen.
Dei har hatt skulefri i sju månader. I dag var ferien endeleg over.
Foto: Abbas Dulleh / ApUnicef sine tal frå Guinea viser at 85 prosent av alle borna som gjekk på skule før ebola braut ut, er tilbake på skulebenken no – ein månad etter at skulane opna att.
Stagnering i smittetal
Men sjølv om dei er tilbake på skulen, har mykje endra seg sidan førre gong dei var der. Tønner med desinfeksjonsmiddel står plassert i skulegarden, og handvask står høgt på læringsagendaen.
Så langt er 9253 menneske stadfesta døde av ebola sidan epidemien slo ut. Det syner tal frå Centers for Disease Control and Prevention.
- LES OGSÅ:
Så langt skal det vere mistanke om minst 23.000 smittetilfelle så langt, men det som ei stund var ei urovekkande eskalering i smittetal har dei siste vekene stagnert, særskild i Liberia kor grafen over smittetal har slakka av i det siste.
Overlevande etter ebola feira laurdag valentinsdagen ved å seie klart frå om at dei som har overlevd sjukdommen ikkje er farlege. Mange opplever stigma etter at dei har blitt friske att.
Foto: STRINGER / ReutersI går sa ein representant for Mano River-regionen, som omfattar Liberia, Sierra Leone og Guinea, at styresmaktene i landa har mål om null nye smittetilfelle av ebola innan 60 dagar.
Dei råka landa har blitt sett fleire år tilbake sidan epidemien slo ut, og Verdsbanken seier at ebola har kosta 47,1 milliardar kroner, noko som er mykje for dei tre fattige landa, men som likevel er langt mindre enn eit tidlegare estimat på 190 milliardar tapte kroner.