Hopp til innhold

Tidlegare Taliban-kritikarar seier dei er lova tryggleik frå islamistgruppa

Likevel har fleire kvinner i Kabul bytta frå sjal til burka. Dei fryktar situasjonen blir den same som førre gong Taliban styrte i Afghanistan.

People try to get into Hamid Karzai International Airport in Kabul

Det er fleire kvinner blant flyktningane som forsøker å kome seg ut av Afghanistan via flyplassen i Kabul. Sjølv om nokre kvinner har bytta til burka, har dei fleste her på seg sjal eller hijab.

Foto: Stringer / Reuters

Gatene i Kabul er nesten heilt tomme, og folk har endra åtferd.

Ungdommane ein vanlegvis ser i byen, som bruker jeans og har moderne frisyrer, har forsvunne frå gatene, fortel ein afghansk journalist til SVT.

– Folk er redde for å bli lagt merke til av Taliban. Frykta er der, angsten er der. Folk oppfører seg ikkje normalt, seier journalisten.

Byter ut sjal med burka

Mange er uroa for at situasjonen kjem til å bli den same som då Taliban styrte i Afghanistan på slutten av 90-talet, med undertrykking og strenge sharialover.

Mange kvinner vel å halde seg inne i frykt for å bli straffa for ikkje å dekke seg til, eller for å gå ut utan ein mannleg verje, skriv The Guardian.

Ved ein moské vest i Kabul skal Taliban ha brukt høgtalarar for å kunngjere at kvinner må ha på seg burka eller full hijab.

– For meg har ein burka alltid vore eit teikn på slaveri, og eg hadde aldri trudd at eg skulle ha på meg ein. Men i dag trur eg at eg må skaffe seg meg ein, om eg vil redde livet mitt, seier Negin til avisa.

Mange kvinner i Kabul eig ikkje burka, men etter kvart som Taliban nærma seg har fleire følt at dei må gå til innkjøp av det heildekkande plagget, ifølgje The Guardian.

– Før var dei fleste av kundane våre frå provinsane. No er det bykvinner som kjøper dei, seier butikkeigar Aref på marknaden i Kabul.

Amnesti

Folk NRK har snakka med fortel at dei så langt ikkje har sett det dei frykta etter at Taliban tok seg inn i hovudstaden på søndag.

Sist Taliban sat ved makta for tjue år sidan var dei kjent for å mishandle folk på gata for brot på reglane deira. Dei gjekk også hardt ut mot politiske motstandarar.

Fleire profilerte afghanarar, som har vore kritiske til islamistgruppa tidlegare, seier at Taliban har vore på besøk og forsikra dei om at ingenting kjem til å skje med dei, og at Taliban skal vareta tryggleiken deira.

Tysdag kunngjorde også Taliban amnesti for alle offentleg tilsette, og ber folk gå attende på jobb.

– De bør starte dykkar vanlege liv med full tillit, heiter det i ei fråsegn frå islamistgruppa.

Jenter går på skule

Jenter går på skule i Herat-provinsen vest i Afghanistan.

Foto: Hoshang Hashimi / AFP

Jenter går på skule i Herat-provinsen vest i Afghanistan.

Foto: Hoshang Hashimi / AFP

Lovar jenter utdanning

Etter at Taliban tok over makta har dei også sagt at dei skal respektere rettane til kvinner.

Kvinner skal kunne forlate heimane sine åleine, og dei skal både få ta utdanning og jobbe, men dei må gå med burka, sa ein talsperson for Taliban til Reuters.

– Kvinner kan fortsette utdanninga frå grunnskulen til høgare utdanning, sa talsperson for Taliban, Sohail Shaheen i eit intervju med CNN.

– Stoler ikkje på løfta

Kvinner i Afghanistan stoler ikkje på Taliban sine forsikringar om å respektere rettane deira, seier Fereshta Akbari til NRK. Ho er afghanar og kom til Noreg i 2012.

– Vi har sett Taliban og veit kven dei er. Eg har absolutt ikkje trua på at dei har endra seg og blitt meir liberale, seier Akbari.

Ho seier at kvinner har vore aktive innan musikk, teater og i afghansk politikk dei siste tjue åra, men at mange no er redde for at dei ikkje får delta i samfunnet på same måte som før.

Uroa for framtida

Nobels fredsprisvinnar Malala Yousafzai seier at ho er svært uroa for situasjonen i Afghanistan, og særleg tryggleiken til kvinner og jenter.

Malala Yousafzai

UROA: Malala Yousafzai er uroa for rettane til kvinner og jenter etter at Taliban tok over makta.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Då Yousafzai var 15 år vart ho skoten av Taliban-krigarar på grunn av sitt engasjement for jenters rett til utdanning.

Måndag oppmoda ho både verdsleiarane og lokale leiarar til å få på plass ei våpenkvile, og hjelpe flyktningar og sivile i Afghanistan.

– Eg trur kvart land har ei rolle og eit ansvar akkurat no. Land må opne grensene sine for afghanske flyktningar, sa ho i eit intervju med BBC.