Hopp til innhold

Tidlegare generalløytnant meiner russiske tap er underkommuniserte

– Sidan 21. mars har Russland systematisk tapt okkuperte område i Ukraina på storleikar med ganske mykje meir enn Danmark, seier tidlegare generalløytnant Arne Bård Dahlhaug.

Øydelagt russisk tanks etter Russlands tilbaketrekking av Kherson, Ukraina. Tatt 16. november 2022.

STORE TAP: Ein øydelagt russisk tanks etter Russlands tilbaketrekking frå Kherson. Meir enn 100.000 russarar truleg er drepne eller skadde i krigen (AP).

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Dahlhaug har også vore sivil observatør for OSSE i Donbas.

At russiske styrker førre veke måtte trekke seg ut at Kherson er berre nok eit steg tilbake, antydar han.

– Det som har overraska meg mest er at den russiske strategien har vore, sett med mine auge, dårleg.

«Terrorbombing av sivile»

Byane Dnipro, Odesa og Kyiv blei i morgontimane torsdag angripne. Måla skal mellom anna ha vore kraftverk, industri og gasslager.

Ukraina-kart 18. november
Foto: “INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 18.11.2022)
Foto: “INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 18.11.2022)

I natt kunne president Zelenskyj fortelje at dei nylege angrepa frå russiske missil hadde gjort 10 millionar ukrainarar straumlause. I dag stadfesta Russland bombinga av kraftforsyningsanlegg.

Tidlegare generalløytnant Dahlhaug meiner dette er symptomatisk for den russiske strategien.

– Det går føre seg terrorbombing av sivile, samtidig som russiske styrker har hatt stor tilbakegang på bakken, fortel han.

Dahlhaug meiner årsaka til den russiske tilbakegangen er klar. Han forklarar at dette handlar om eit misforhold mellom kva Russland har forsøkt å oppnå og kva dei har hatt av styrker til rådigheit.

Denne strategien har ifølge Dahlhaug resultert i dårlege resultat. Dette mellom anna gjennom at Putin har pålagt militære oppdrag dei eigentleg ikkje har kunne oppnå.

– Russland har eigentleg ikkje nådd nokon av målsetningane dei hadde då krigen starta, meiner han.

Forsvar framfor offensiv

Dei russiske styrkane, som har trekt seg ut av Kherson, skal vere flytta nordaustover mot Donbas-regionen.

Dahlhaug meiner at det å flytte styrkane mot nordaust handlar om å tilpasse innsatsen der det er behov for dette.

Det skal mellom anna handle om at elva Dnepr ved Kherson fungerer som eit såpass stort vasshinder at behovet for å forsvare austsida av elva ikkje er like sterkt til stades.

Arne Bård Dahlhaug

– Det byggast ut forsvarsstillingar og det ser ut som at dei tenker overvintring i dei posisjonane dei har akkurat no, seier tidlegare generalløytnant Dahlhaug om dei russiske styrkane sin vidare strategi.

Foto: NRK

At russarane vil kunne få større kraft nordaust trur likevel ikkje Dahlhaug vil bety at russiske styrker vil mobilisere mot umiddelbare offensive operasjonar.

– Eg trur hensikta er å forsterke dei forsvarsverka som har blitt bygd, og få nyleg mobilisert personell som blir sett inn i avdelingar det er litt store tap, forklarar han.

– Per no verkar det også som at Russland ikkje har nokon evne til å gå på offensiven, legg han til.

Han trur fokuset igjen vil bli på Donbas-regionen. Slik var det også i sommar.

– Samtidig trur eg at Ukraina har ambisjonar om å kanskje på sikt starte offensive operasjonar i Zaporizjzja, nedover mot Melitopol og heilt ned mot Asovsjøen. Kanskje i retning Berdjansk eller Mariupol.

Oberstløytnant og sjef for seksjon for landmakt ved Krigsskolen, Palle Ydstebø, er einig med Dahlhaug.

– Ukraina har det strategiske initiativet no for tida og kan truleg legge premissane for korleis krigen skal førast vidare gjennom vinteren, seier Ydstebø.

– Gjer det at russarane tar forsvarsstilling at ukrainarane kan ta tilbake endå fleire område i løpet av vinteren?

– Det ville ikkje overraska meg. Viss ukrainarane har styrker som beherska vinteren betre enn russarane, klarer å halde ved like materiellet sitt og russarane er så dårleg utstyrt som ein får inntrykk av, så kan ukrainarane bruke vinteren som eit våpen, svarar han.

Palle Ydstebø utenfor NRKs lokaler på Marienlyst i Oslo

Palle Ydstebø er einig i Dahlhaug sine observasjonar. Han fortel at Russland har nedskalert ambisjonane sine frå å få politisk kontroll i Ukraina til å okkupere Luhansk og Donetsk, og vidare halde på det dei allereie har okkupert.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt