Hopp til innhold

Tidlegare FN-sjef om Faremo: – Dette er ein stor politisk flause for Noreg

Grete Faremo måtte gå frå toppstillinga i FN etter det ho hevdar er andre sitt økonomiske rot. Dette er flaut for Noreg, meiner mangeårig FN-diplomat.

Mukesh Kapila og Grete Faremo

FÅR KRITIKK: Grete Faremo har gått av som sjef for UNOPS. Tidlegare FN-sjef Mukesh Kapila meiner det som har skjedd er flaut for Noreg.

Foto: NTB / Flickr

New York Times (NYT) avslørte søndag korleis to FN-tilsette skal ha lånt ut meir enn 22 millionar dollar til David Kendrick – ein britisk forretningsmann. Saka er omtala av NRK og ei rekkje andre medium.

Pengane skulle bli brukte på å hjelpe utviklingsland, men vart misleghalde av Kendrick, meiner FN sine revisorar.

Dette gjorde at tidlegare statsråd Grete Faremo valde å gå på dagen frå stillinga si som toppsjef i FN-byrået UNOPS etter 8 år i sjefstolen.

Faremo har inntil i dag ikkje vore villig til å kommentere saka eller påstandane som har kome fram om misleghald av mange millionar dollar.

Ho har synt til eit brev ho sende ut til dei tilsette i UNOPS.

– Kjenner ikkje heile saka

Men onsdag ettermiddag skriv ho følgjande i ein SMS til NRK:

«Eg kjenner ikkje heile saka, men det skjedde på mi vakt og eg tok ansvar ved å fråtre stillinga mi. Sidan eg ikkje lenger leier UNOPS, blir det feil av meg å uttale meg om saka no.»

Men sjølv om Faremo er taus, så har ikkje kritikarane late vente på seg. Fremst i rekka står legen og den mangeårige FN-diplomaten Mukesh Kapila.

Via bloggen sin har han følgd granskinga av UNOPS tett, og fortel til NRK at det internasjonale miljøet reagerer sterkt på at 150 millionar kroner tilsynelatande er vekke.

Han meiner at Grete Faremo sin brå avgang er flaut for Noreg.

Grete Faremo under åpningen av UNEP klimasenter i København i april i år.

Grete Faremo under opninga av FN sitt klimasenter i København i april i år.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

– Politisk flause

At det skjer under fire år etter at tidlegare miljøvernminister Erik Solheim måtte gå av som FN sin miljøsjef og visegeneralsekretær i FN, gjer det heile oppsiktsvekkjande, meiner Kapila.

– Noreg er eit lite land, og det er svært uvanleg og ei stor ære å ha to så høge stillingar på så kort tid. Så skjer dette. Dette er ein stor politisk flause for Noreg, meiner den britisk-indiske FN-diplomaten.

Han understrekar at det Noreg han kjenner, er opptekne av å følgje spelereglane om openheit, respekt og internasjonalt samarbeid.

– Kva har skjedd med det Noreg vi hadde kjært, spør han.

Solheim måtte gå av som leiar for FNs miljøprogram UNEP i 2018, etter ein svært kritisk intern rapport.

Solheim meiner derimot at det er den tidlegare amerikanske presidenten, Donald Trump, som er årsaka til avgangen hans som FN-topp.

– Eg vart pressa ut av Trump-administrasjonen. Eg hadde støtte av alle andre viktige medlemsland. Andre får vurdere om det å bli pressa ut av FN av Trump, gir Noreg dårleg omdømme.

Det skriv Erik Solheim i ei tekstmelding til NRK.

Men FN-diplomaten Mukesh Kapila meiner at både Solheim-avgangen og no Faremo, er ein skandale for Noreg.

UN City FN Byen i København

Hovudkvarteret til UNOPS ligg i den såkalla FN-byen i København. Faremo blei utpeika av FN sin generalsekretær til jobben som UNOPS-sjef.

Foto: SPA / dana press / Danapress

– Skjedde på mi vakt

Grete Faremo skreiv eit langt brev til alle tilsette i FN-byrået etter at New York Times kom med si avsløring.

No stadfestar også utanriksminister Anniken Huitfeldt at ho er informert om saka, og at ho har snakka med Grete Faremo om granskinga som pågår.

– Vi har full tillit til at vi får full informasjon i denne saka. Grete Faremo har informert meg om det som har funne stad. Dette er jo ikkje ein mistanke som er retta mot ho, seier Huitfeldt.

Gjevarland, som USA og Finland, har mellombels stansa utbetalingane til deler av UNOPS medan granskinga pågår. Noreg har ikkje planar om å gjere det same.

– Vi har jo gjort det i andre samanhengar, men ikkje i denne samanhengen.

– Og det er ingen planar om det heller no?

– Nei, det er ingen planar om det no, seier utanriksministeren.

Les også Norge blir medlem av FNs sikkerhetsråd

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide da det ble klart at Norge får en plass i FNs sikkerhetsråd.

Vil ha FN-reform

Noreg har dei seinare åra styrka posisjonen sin i FN-systemet, ikkje minst med at landet fekk plass i FN sitt tryggingsråd.

Det skjedde etter ein lang valkamp. Hovudfokuset til Noreg var på kor viktig det er å ha openheit og integritet i FN-arbeidet.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt meiner at stormen rundt Grete Faremo og UNOPS ikkje påverkar omverda sitt syn på Noreg i FN.

– Vi gjer jo alt vi kan for å bidra til ein reform av FN-systemet. Vi skal vere sikre på at pengane kjem godt fram, seier Huitfeldt.

Belgium EU Norway

Utanriksminister Anniken Huitfeldt har blitt orientert om pengeskandalen i UNOPS. Her frå eit møte i Brussel tysdag denne veka.

Foto: Olivier Matthys / AP

– Skot for baugen

Tove Gravdal, journalist og forfattar av boka «Til bords med dei mektige», meiner også at avgangen svekkjer Noregs omdømme, uavhengig av om Faremo har gjort noko gale.

– Det er grunn til å tru at dette bidreg til at Noregs omdømme får seg eit skot for baugen, seier Gravdal til NRK.

Til Bistandsaktuelt skriv ho at dette er flaut for Noreg.

– Den brå avgangen hennar vekkjer mange spørsmål. Eg ønskjer ikkje å felle nokon dom over henne. Det blir opp til granskinga.

Grete Faremo er orientert om at NRK omtalar dei kritiske merknadane, men ho ønskjer ikkje å uttale seg om kritikken som kjem fram i denne saka.

Ho syner til UNOPS si informasjonsavdeling.

– Ingen kommentar, skriv dei i ein e-post til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt