Hopp til innhold

Tidlegare brasiliansk president tiltalt for korrupsjon

Luiz Inacio Lula da Silva og kona må i retten etter korrupsjonsskandalen attende i 2003, som involverte det statlege oljeselskapet Petrobrras.

Brasils tidligere president Lula

KORRUPSJONSANKLAGA: Den tidlegare brasilianske presidenten må no møte i retten.

Foto: Felipe Dana / Ap

I dag har den brasilianske påtalemyndigheita saksøkt den tidlegare brasilianske presidenten for korrupsjon. Dette er første gong han er direkte anklaga av føderale myndigheiter for sin involvering i Petrobras-saka.

Saken skal gå føre antikorrupsjonsdommaren Serigo Moro, som har fengsla dusinvis at involverte i korrupsjonssaker. Det melder GloboNews TV.

Ein dommar er i løpet av få dagar venta å formelt saksøke Lula.

Kan bli fengsla

Lula kan bli sett i fengsel for å ha motteke ein luksusleiligheit på kysten av Sao Paolo frå ein av byggefirma som er i sentrum av bestikkelsane. Lula har derimot nekta eigarskap til tre-etasjersleiligheita.

Politiet melder at Lula skal ha tent opp mot 6,9 millionar kroner på relasjonane med desse selskapa.

Trass i alle anklagingane, er Lula fortsatt ein kjent og kjær figur i Brasil. Den karismatiske politikaren stifta det brasilianske arbeiderpartiet i 1980, og sat som president i landet mellom 2003 og 2010.

Operasjon bilvask

Luiz Inacio Lula da Silva har lenge vore i dei brasilianske domstolane sitt søkelys, etter at Operação Lava Jato, eller operasjon bilvask, dukka ned i verksemda til det brasilianske oljeselskapet Petrobas.

Etterforskinga avslørte blant anna at andre verksemder tok overbetalt for tenestene til Petrobras, for so å betale delar av overbetalinga attende til toppar i oljeselskapet.

Den avslørte også at det brasilianske arbeiderpartiet, der både Lula og Dilma Roussef, som var president fram til 31. august i år, tilhøyrer. Roussef måtte også gå av på grunn av budsjettfusk.