NRK Meny
Normal

Ti omkomne i flaum i Sao Paulo

Minst ti menneske er omkomne etter eit kraftig regnvér og flaum i gatene i den brasilianske byen Sao Paulo.

Video Flom i Sao Paulo, Brasil

Slumområda i Sao Paulo er hardt råka

Slumområda i Sao Paulo er hardt råka av flaumen.

Foto: Nelson Antoine / Ap
Overfløymde gater i Sao Paulo

Overfløymde gater i Sao Paulo. Myndigheitene i Brasil seier minst 10 menneske er omkomne etter jordskred og flaum.

Foto: Nelson Antoine / Ap

Regnet har også ført til leirskred som har teke fleire hus i slumområda i byen.

Dei fleste som har omkome, budde i desse områda. I eitt av tilfella forsvann ei kvinne og dottra då huset deira vart trefte av flaumvatnet. Også ein heimlaus mann forsvann i den sterke straumen.

Tre menneske er framleis sakna etter flaumen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Kaotiske tilstandar

Flaumen har fått elvar til å øydeleggje fleire motorvegar, noko som førte til ein trafikkork som varte i fleire timar.

Ifølgje fjernsynskanalen Globo er det kaotiske tilstandar i byen.

Bilistar måtte forlate bilane sine og vasse i vatn til livet for å kome seg unna flaumvatnet. Fleire enn 30.000 menneske har vore nøydde å evakuere frå heimane sine.

– Kjøleskap tettar elva

Guvernøren i Sao PAulo, Geraldo Alckmin, og ordførar i byen, Gilberto Kassab, vil bruke 800 millionar real (2,8 milliardar kroner) til å motkjempe flaumen.

Pengane skal mellom anna brukast til å fjerne 4,18 millionar kubikkmeter avfall frå botnen av elva Tiete.

– Om vi ikkje fjernar avfall kvart år, kjem det 500 kubikkmeter, sofaer, kjøleskap, papir og skit inn i straumen, seier guvernøren.

kjøp av turbinar som kan auke pumpekapasiteten i elva med 60 prosent. Det skal også byggjast kanalar og basseng for å kanalisere vatn bort frå byen, skriv avisa Estadao de Sao Paulo.

Pengane skal dessuta brukast på å fjerne 5000 familiar som bur ved elvebreidda.

– Det er ikkje råd å love at inngrepa vil frigjere området for flaumar i framtida, men desse tiltaka vil hjelpe, seier han.

Ein mann vassar i flaumvatnet

Ei strabasiøs ferd gjennom gatene i flaumvatnet.

Foto: Nelson Antoine / Ap

20 omkomne i regnulykker

Førre veke omkom seks personar i regn­relaterte ulykker. Fleire enn 20 personar har misst livet i den søraustlege delen av Brasil den siste tida.

Flaumar er vanlege i området på denne tida av året. Flaumen som no har råka Sao Paulo kom etter eit kraftig lavtrykk som kom inn over landet måndag.

Ifølgje avisa Estadao de Sao Paulo omkom 473 personar i Brasil på grunn av regn og flaum i heile 2010. 7,8 millionar menneske var råka av regnvatnet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt