Hopp til innhold

Må ut av Russland innan ei veke

Dei ti norske diplomatane ved ambassaden i Moskva må forlate landet innan ei veke. Det fortel ambassadør Robert Kvile til NRK.

Ti norske diplomater ved ambassaden i Moskva er erklært uønsket i Russland.

BLIR SENDT UT: Ti norske diplomatar ved ambassaden i Moskva er erklært uønskte i Russland.

Foto: Gro Holm / NRK

– Det er klart at det har vore ein tung dag. Det er tungt for dei som må reise, det er tungt for oss som blir igjen og det er tungt for dei lokaltilsette som må sjå at 10 av 19 må reise heim til Noreg.

Det fortel Noregs ambassadør til Russland Robert Kvile.

Onsdag morgon blei han kalla inn til eit møte med det russiske utanriksdepartementet.

Der fekk han beskjed om at ti norske diplomatar ved ambassaden i Moskva var erklært uønskte i Russland.

Kvile kjem ut etter møtet med russisk utanriksdepartement.

Møtet varte lengre enn det som var venta på førehand. Kvile kom først ut etter 40 minutt, og sette seg inn i ein svart Audi med norske flagg på sidene.

Foto: Gro Holm / NRK

Dei ti diplomatane som må reise har ei veke på seg.

– Russarane har gitt oss den same type frist som dei fekk i Oslo, altså ei veke, seier Kvile.

Ambassadøren presiserer at ambassaden vil bestå sjølv om det er nokon ting som må nedprioriterast, men han vil ikkje seie noko om kva for funksjoner dei ti diplomatane hadde på ambassaden.

– Nei, det vil eg helst ikkje. Det som er viktig er at vi beheld ulike typar medarbeidarar som gjer at vi klarer å drive ambassaden vidare.

Norsk ambassadør Robert Kvile kjem fram til det russiske utanriksdepartementet.

MØTTE I RUSSISK UD: Noreg sin ambassadør Robert Kvile fekk beskjeden frå utanriksdepartementet i Moskva onsdag morgon.

Foto: Gro Holm / NRK

– Ein hemnaksjon

Norske styresmakter seier at dei oppfattar den russiske avgjerda som ein rein hemnaksjon.

– Russiske styresmakter oppgir at dette er ein reaksjon på Noreg sitt vedtak om å erklære 15 tilsette ved den russiske ambassaden i Oslo som uønskte i Noreg, seier talsperson Ragnhild Simenstad i UD.

Simenstad fortel at dei 15 tilsette ved den russiske ambassaden i Oslo blei sendt ut av Noreg fordi norsk UD meiner dei har drive med etterretningsverksemd.

– Vi ser på det russiske vedtaket som ein hemnaksjon. Alle våre diplomatar i Russland driv vanleg diplomatisk arbeid. Dette veit russiske styresmakter godt.

Dette reknar dei å vere i strid med Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem, legg ho til.

Norges ambassade i Moskva

Fleirtalet av norske diplomatar i Russland jobbar på ambassaden i Moskva.

Foto: Ksenia Novikova

Kalla utvising frå Noreg «eit nytt, uvennleg skritt»

Dei 15 russarane som blei erklærte uønskte i Noreg tidlegare i april, var offisielt til stades i landet som diplomatar.

Styresmaktene skal ha følgt med på aktiviteten deira over lengre tid.

– Dette fiendtlege skrittet forverra situasjonen ytterlegare i bilaterale forbindelsar, som allereie er på eit kritisk lågt nivå, skriv russisk UD i eit utsegn onsdag.

– Den norske ambassadøren blei også fortald at andre tiltak ville kome kopla til Oslo sine uvennlege handlingar.

Norway expels 15 Russian "intelligence officers" from embassy

Skiltet utanfor den russiske ambassaden i Oslo.

Foto: VICTORIA KLESTY / Reuters

Blant desse skal vere avgrensingar for nyrekruttering av lokale tilsette ved dei norske kontora, altså russiske statsborgarar.

Dette betyr at det ikkje nødvendigvis blir konsekvensar for russarar som jobbar der no. NRK erfarer at Noreg i utgangspunktet er innstilte på å behalde dei som jobbar der i dag.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gongen Noreg erklærer russiske diplomatar som uønskte grunna mistenkt etterretningsverksemd, men aldri før har talet vore så høgt.

For eitt år sidan erklærte Noreg tre russiske diplomatar på same grunnlag. Då svarte Russland med å utvise like mange.

PST har tidlegare sagt til NRK at Russland har byrja å ta større sjansar i etterretningsverksemda si i Noreg etter at krigen i Ukraina starta.

Avgrensar ambassadeverksemd

Etter det NRK veit har det fram til no vore 22 norske diplomatar i Russland, der 19 held til i Moskva.

No når ti må forlate landet, er det ikkje mange att. Dette vil ha konsekvensar for den norske ambassaden i Russland, meiner diplomati-forskar Iver B. Neumann.

– Det er jo ei halvering av staben, som betyr at ein får gjort mykje mindre, seier han til NRK.

Iver B. Neumann, Fridtjof Nansens institutt

Iver B. Neumann forskar på diplomati ved Fridtjof Nansens institutt.

Foto: Jan Dalsgaard Sørensen

– På lengre sikt så betyr det at ti menneske som mange har solid Russland-kompetanse ikkje lenger kan reise til Moskva. Det er uheldig for Noreg, for vi har mykje å ta av men vi har ikkje uendelege mengder diplomatar som kan Russland.

Ein skal dessutan langt bakover i tid for å finne sist gong forholdet mellom Russland og Noreg var slik, seier Neumann.

– Vi kan diskutere om ein skal tilbake til starten av 50-talet eller heilt til revolusjonen over 100 år tilbake for å finne et dårlegare forhold mellom nabolanda Russland og Noreg, enn det vi har no. No er vi ganske nærme botnen, altså.

– Ein del av spelet

– Min første reaksjon er at dette her er som forventa. Det er betre enn vi frykta, seier Leidulv Namtvedt.

Han var ambassadør i Moskva frå 2013 til 2018, og ministerråd ved den same ambassaden mellom 1991 og 1995.

Norges ambassade i Moskva

Gatelangs utanfor den norske ambassaden i Moskva.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

– Utvisingane vil bety mindre aktivitet, sjølvsagt, men den aktiviteten er så vidt eg kan skjønne redusert ned til det absolutt minimum allereie før dette grunna situasjonen.

– Så slik sett trur eg at det vil vere handterleg å behalde det som er naudsynt og mogleg å gjere på ambassaden.

Det minimale samarbeidet, legg han til, dreier seg hovudsakleg om eit pågåande fiskerisamarbeid i nord.

– Dette høyrer til spelet sine reglar. Russarane har vore uvanleg tydelege dei siste åra på at dei betalar med same mynt. Det overraskande er jo at dei har stoppa på 10, og ikkje gjekk heilt til 15.

Les også NRK avslører: Russlands mann på Svalbard er agent

Russisk konsul knyttes til GRU

SISTE NYTT

Siste nytt