Soldatar drap demonstrantar i Sør-Sudan

Minst ti personar er drepne av sørsudanske soldatar i samband med demonstrasjonar mot flytting av offentlege kontor.

SPLA-soldat i Sør-Sudan

MAKTBRUK: Soldatane i SPLA-hæren i Sør-Sudan blir skulda for overdriven maktbruk etter at dei opna eld mot demonstrantar. Biletet viser SPLA-soldatar ved eit anna høve.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Demonstrantane protesterte mot at kontora til dei lokale styresmaktene i delstatshovudstaden Wau skal flyttast ut av byen.

Overdriven maktbruk

Ein talsmann for FN kritiserte soldaten i Den sørsudanske frigjeringshæren (SPLA) for overdriven maktbruk.

SPLA opna eld mot demonstrantar og overdreiv maktbruken, seier talsmann Liam McDowall.

Fire personar blei drepne i Wau natt til laurdag, medan seks til blei drepne søndag, ifølgje McDowall.

Uroleg etter lausrivinga

Sør-Sudan erklærte uavhengigheit frå Sudan 9. juli 2011 etter ei folkeavstemming. Hovudstaden er Juba, og Salva Kiir er president. Etter lausrivinga har Sør-Sudan vore prega av opprør og samanstøytar.

LES OGSÅ: – Håper vi snart får møte pappa

Minst 19 opprørarar og ein sørsudansk soldat blei drepne 21. november under samanstøytar, etter at hæren gjekk til åtak på ein opprørsbase.

I august var det fleire kampar i dei sørlege delstatane i Sudan, som kompliserte forsøka på å skape fred mellom Sudan og Sør-Sudan.

Hundretusenvis av menneske flykta til den nye staten i sør på grunn av kampar mellom regjeringsstyrkane i Sudan og ein opprørsgerilja.

SISTE NYTT

Siste nytt