NRK Meny
Normal

Ti drepne i bombeåtak i Thailand

Ti er drepne og over 100 er skadd etter eit bombeåtak i den sørlege delen av Thailand laurdag morgon.

THAILAND-SOUTH-UNREST

Ein hjelpearbeider ser etter skadde folk i nærleiken av den sprengte bilen.

Foto: MUHAMMAD SABRI / Afp

Tre bomber skal ha gått av i byen Yala sør i Thailand. Dette stadfestar militæret i landet, ifølge Russia Today.

– Ti personar er stadfesta døde, og meir enn 100 er skadd i bombeåtaket, eier ein talsmann for militæret sør i landet.

Den første eksplosjonen var ein bilbombe, medan den andre og tredje eksplosjonen var gøymt på innsida av ein motorsykkel. Bombene skal ha gått av med om lag 10 minutts mellomrom.

THAILAND-SOUTH-UNREST

Over 70 er meldt skadd etter bombeeksplosjonane.

Foto: MUHAMMAD SABRI / Afp

Bombene skal ha gått av i forretningsdistriktet i byen, som har rundt 100.000 innbyggjarar.

Det er for tidleg å seie kven som står bak bombene, men ifølgje lokale styresmakter er det sannsynleg at det er muslimske utbrytergrupper.

– Me er ikkje sikker på kva slags gruppe av mistenkte islamistar som står bak dette, men me undersøkjer, seier guvernøren i landet til AP.

Guvernøren i provinsen Yala sa på thailandsk TV at mange av dei skadde vart råka av den tredje bomba, då dei samla seg i området, melder Reuters.

Det skal også ha vore ein eksplosjon på eit hotell i Song Kha-provinsen, men ingen skal ha blitt rapportert døde av denne eksplosjonen.

Pressevakten i UD opplyser at dei ikkje har fått informasjon om at nordmenn skal vere blant dei skadde. Norsk UD har i lengre tid operert med eit reiseråd som frårådar nordmenn å reise til Yala-provinsen, basert på tidlegare urolegheiter.

Den sørlege delen av Thailand har tidlegare vore råka av vald frå ekstreme islamistiske grupper. Meir enn 5000 menneske har blitt drepne av dei islamske separatistgruppene sidan 2004.

Regionen var ein del av det uavhengige Malay-sultanatet til det vart ein del av Thailand i 1909.

NRK.no kjem tilbake med meir.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt