Hopp til innhold

Ti drepne av droner i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ti militante opprørarar er drepne i nye amerikanske åtak med førarlause fly i Pakistan.

Dei ti opprørarane vart drepne i to amerikanske droneåtak i det nordvestlege stammeområdet i Pakistan, opplyser lokale styresmakter ifølgje AFP.

Ein militær leiar i det al Qaida-tilknytta Haqqani-nettverket skal vera blant dei drepne i det første åtaket i Nord-Waziristan. Eit andre åtak blei utført i Sør-Wazirististan.

Vil styrkja alliansen

– Dei amerikanske dronene fyrte av tre rakettar, Seks opprørarar vart drepne, seier ei anonym, pakistansk tryggingskjelde til AFP.

Ei anna kjelde hevdar at dronene slo til då dei militante skulle forflytta seg frå eit område til eit anna, rundt to kilometer frå grensa til Afghanistan.

Samstundes har amerikanske og pakistanske diplomatar, under eit møte i Islamabad, blitt samde om å styrkja den vaklande alliansen mellom dei to landa.

SISTE NYTT

Siste nytt