Blant dei drepne var fire kvinner og eitt barn, i fylge ein talsmann for guvernøren i Helmand-provinsen, Ahmad Zeerak. Sju barn vart såra.
Tidlegare torsdag vart minst tre politimenn drepne då ein sjølvmordsbombar på motorsykkel sprengde seg i lufta i Kandahar, sør i landet.
– Det var tidleg i dag morges. Eg høyrte ein smell. Me gjekk ut, og såg at ein sjølvmordsbombar hadde gått til åtak på eit militært kontrollpunkt. Eg kjenner ikkje fleire detaljar, seier bebuar i området, Nesar Ahmad, til Reuters.
Ei anna bilbombe vart detonert i Laghman-provinsen aust i Afghanistan. Her vart fem soldatar drepne. Ingen har så langt teke på seg skulda for nokon av åtaka.
Vald og uro er stadig eit problem i Afghanistan, og det er knytt usikkerheit til om den afghanske hæren vil klare å halde situasjonen under kontroll. Dei fleste internasjonale hærstyrkane skal vere ute av landet innan 2014.
(Nynorsk Pressekontor, Reuters)