Hopp til innhold

Thomas Quick frifunnen for alle åtte drapa han er dømd for

Sture Bergwall, mest kjend som Thomas Quick, er reinvaska for alle dei åtte drapa han er dømd for.

Håkan Nyman, Anders Perklev og Björn Ericson.

Den svenske påtalemakta sine representantar på pressekonferansen. Frå venstre førstestatsadvokat Håkan Nyman, riksadvokat Anders Perklev og statsadvokat Björn Ericson.

Foto: ERIK MÅRTENSSON / NTB scanpix

Førstestatsadvokat Håkan Nyman gjorde det klart at Bergwalli praksis no er frifunnen for alle drapa han har vore dømd for. Dette kom fram på pressekonferansen som starta klokka 1030.

Sture Bergwall / Thomas Quick

Sture Bergwall, også kjend som Thomas Quick, er frikjend for alle dei åtte drapa han er dømd for.

Foto: Pressens Bild / NTB scanpix

– Årsaka er at den fellande domen var basert på tilståinga. Det fanst aldri tekniske bevis, og han ynskte å bli dømd. Det er heller ikkje mogleg å kunne leggje fram noko som skulle leie fram til ein fellande dom, sa Håkan Nyman blant anna i grunngjevinga si.

Tilstod 30 drap

Thomas Quick, som seinare altså tok namnet Sture Bergwall, har tilstått og blitt dømd for i alt åtte drap, blant anna drapet på dei norske jentene Therese Johannessen, Trine Jensen og Gry Storvik. I tur og orden har han blitt frifunnen for dei sju første drapa. No er han altså frifunnen for alle.

I alt tilstod han over 30 drap, men han vart dømd for åtte av dei. Det einaste som no står att, er at tingretten fattar ei formell avgjerd om frifinning.

Den siste saka gjeld drapet på den då 15 år gamle Charles Zelmanovits, som forsvann i den nordsvenske byen Piteå i 1976. I dag seier førstestatsadvokaten at det ikkje ligg føre bevis for at Zelmanovits vart drepen.

Therese Johannessen

Thomas Quick vart dømd til blant anna drap på Therese Johannessen frå Drammen.

Foto: HO / Scanpix

Thomas Quick tilstod drapet i 1994. Han vart dømd på si eiga tilståing, trass i at det ikkje var bevis som knytte han til saka.

– Det har vore ein lang og tøff prosess, og endeleg skal det avgjerast. Det skal bli godt, sa Sture Bergwall til SVT tidlegare i dag.

LES OGSÅ: Sture Bergwalls blogg

LES OGSÅ: Politiets norske drapsgåter

Blir ikkje sett fri

Det var i 2009 at Sture Bergwall trekte alle tilståingane sine.

Sjølv om han no er frifunnen for dette siste drapet, så blir ikkje Bergwall automatisk ein fri mann. Den svenske förvaltningsrätten avgjorde i går at Bergwall framleis skal ileggjast forvaring under psykisk helsevern.

Retten meiner det er høg risiko for at han skal gjere alvorlege brotsverk. Grunnlaget for denne avgjerda er at legane meiner at han ikkje er frisk av den psykiske sjukdomen som gjorde at han vart dømd til forvaring i 1991. Han har fått behandling på ei lukka rettspsykiatrisk avdeling sidan den gongen.

Sture Bergwall er i dag 63 år gammal.

– Ingen enkeltperson ansvarleg

Riksadvokat Anders Perklev sa på pressekonferansen at ingen enkeltperson er ansvarleg for at det vart gjort fellande drapsdomar i åtte saker, som seinare har vist seg å vere feil.

Perklev sa også at han ikkje har funne grunn til å starte ei offisielle gransking av det som har skjedd. Han grunngav dette med at det alt er gjort ei grundig vurdering av alle dei åtte dommane.

Riksadvokaten sa likevel at påtalemakta ikkje vil motsetje seg at regjeringa startar ei eiga gransking av dei åtte sakene.

LES OGSÅ: Nye avhør i Therese-saken

LES OGSÅ: Lager spillefilm om Thomas Quick

LES OGSÅ: Lager spillefilm om Thomas Quick

LES OGSÅ: Vil oppheve norske Quick-dommer

SISTE NYTT

Siste nytt