Hopp til innhold

Theresa May utset avstemminga om brexit

Statsminister Theresa May vedgår at ho hadde tapt avstemminga om brexit med «god margin» hadde den blitt halden som planlagt.

BMay i parlamentet

Storbritannias statsminister Theresa May stadfestar at avstemminga om brexit vert utsett.

Foto: Handout / Reuters

Heilt på tampen tok statsminister Theresa May ein uventa u-sving. Tysdag skulle parlamentet etter planen stemme over avtala May har forhandla fram med EU, men no er avstemminga utsett.

– Eg har lytta nøye til kva som har blitt sagt her i dette kammeret, sa May til representantane i Underhuset måndag, og vart møtt med hånleg latter frå forsamlinga.

May sa at sjølv om det er stor semje rundt mykje i avtala, skapar grensa mellom Irland og Nord-Irland stor uro.

Dette blir den nye grensa mellom Storbritannia og EU når britane forlèt unionen i mars neste år. Håpet er at Storbritannia og EU på sikt skal bli samde om ei løysing, som sikrar at ein slepp å innføre ny grensekontroll.

Dersom partane ikkje klarer å bli samde, kjem ei reserveløysing til å slå inn. Dette er det som vert omtalt som «back stop», og betyr at heile Storbritannia blir verande i ein tollunion med EU inntil vidare. Dette punktet i avtala har for mange av dei folkevalde vore det vanskelegaste å akseptere.

Ventet at hun utsetter brexit-avstemning

Ingen fleirtal

– Dersom avstemminga hadde blitt halden i morgon, hadde avtala blitt nedstemd med «god margin», sa May.

Det konservative partiet har ikkje fleirtal i Underhuset, og må støtte seg på dei ti representantane frå Det demokratiske unionistpartiet i Nord-Irland.

Der har svaret frå leiar Arlene Foster vore krystallklart. Dei kjem til å røyste mot avtala som no ligg på bordet.

Det er også usemje internt i det konservative partiet. Over hundre av partifellane til May har gjort det klart at dei kjem til å røyste nei. Dermed er May langt unna det fleirtalet ho treng for å få avtala godkjend i parlamentet.

– Har mista kontrollen

Like før May talte i parlamentet, skreiv Foster på Twitter at ho var skuffa over at det hadde teke May så lang tid før ho lytta. Foster sa også at det er behov for ei betre avtale enn den May har lagt fram.

Laster Twitter-innhold

Opposisjonsleiar Jeremy Corbyn kom også med krass kritikk. Han meiner regjeringa har mista kontrollen, og kalla det heile for ein ekstremt alvorleg situasjon.

– Det hjelper ikkje om statsministeren kjem tilbake med den same avtala som ikkje har støtte i Underhuset, sa Corbyn.

Han sa også at dersom May ikkje får til endringar i avtala, så må ho gi rom til dei som kan.

London-korrespondent Øyvind Nyborg og Euripakorrespondent Philip Lote om at avstemmingen om brexit er utsatt.

London-korrespondent Øyvind Nyborg og Europa-korrespondent Philip Lote om at avstemminga om brexit er utsett.

Vil diskutere med EU

May er overtydd om at ho framleis kan klare å sikre fleirtal for avtala. Derfor vil ho gå tilbake til EU, for å diskutere avtala, i håp om å gjere den lettare å godta for dei britiske folkevalde.

– Dette er den rette avtala for Storbritannia. Eg er fast bestemt på å gjere alt eg kan for sikre at Underhuset får dei forsikringane dei treng for å få avtala i hamn, sa May.

Få timar etter kunngjeringa frå May seier EU-president Donald Tusk at EU ikkje vil reforhandle brexit-avtala med Storbritannia. Torsdag kallar han EU-medlemmane saman til eit nytt toppmøte.

Laster Twitter-innhold

– Vi vil ikkje reforhandle avtala, inkludert «back stop». Men vi er klare til å diskutere korleis vi kan forenkle Storbritannias ratifisering, skriv Tusk på Twitter.

– Ettersom tida renn ut, vil vi også diskutere korleis vi førebur oss på eit scenario utan ei avtale, skriv han vidare.

May nemnde ingen ny dato for avstemminga i Undehuset, men sa at den må bli halden innan 21. januar 2019.

SISTE NYTT

Siste nytt