Hopp til innhold

Theresa May går av 7. juni

Ein hardt pressa Theresa May annonserer at ho går av som partileiar for Det konservative partiet og som statsminister i Storbritannia. No lurer mange på kven som tek over.

May var tydeleg rørt då ho annonserte sin avgang.

– Eg har ikkje klart å levere, no må min etterfølgar klare å få i hamn ein brexit-avtale alle kan vere einige om, seier Theresa May.

Ho møtte pressa utanfor Downing Street 10 fredag føremiddag, der ho fortalte at ho har informert dronning Elizabeth om at ho går av som partileiar fredag 7 juni.

Spekulasjonane har gått i fleire dagar, i dag stadfesta ho at ho går av, etter at eigne partifellar og fleire regjeringsmedlemmar har bede ho om å gjere det.

Men ho blir sittande til ein etterfølgar er klar.

Theresa May har forsøkt å få til ein skilsmisseavtale med EU, men eit fleirtal av politikarane i kabinettet har avvist alle avtalane.

Theresa May

Theresa May på veg inn i krisemøte om si politiske framtid tidlegare fredag.

Foto: Tolga Akmen / AFP

Desse kan erstatte May

Mange spør seg kven som tek over jobben som partileiar, og då truleg også som statsminister. Boris Johnson er storfavoritt, men fleire kandidatar knivar om jobben.

1. Boris Johnson

Den tidlegare London-ordføraren og brexit-kampanjeleiaren Johnson ligg milevis framfor dei andre kandidatane i å ta over, viser meiningsmålinga som YouGov har gjort for The Times. Han har støtte frå 29 prosent av dei konservative partimedlemmane.

Mange ble overrasket over at Boris Johnson fikk jobben som ny utenriksminister

Boris Johnson er storfavoritt til å ta over etter Theresa May.

Foto: © Toby Melville / Reuters / Reuters

Johnson trekte seg frå regjeringa i fjor, der han var utanriksminister, fordi han var ueinig med May om brexitavtalen ho hadde forhandla fram med EU.

2. Dominic Raab

Neste kandidat er Dominic Raab, som har støtte frå 13 prosent av dei konservative partimedlemmane. Han er ein tidlegare brexitminister som også trekte seg frå regjeringa etter at May pressa fram eit utkast til ein avtale med EU.

Dominic Raab

Dominic Raab var tidlegare brexitminister.

Foto: PETER NICHOLLS / AFP

3. Michael Gove

Miljøvernminister Michael Gove har lenge ønska jobben til Theresa May, og han kniva om stillinga mot henne i 2016. 51-åringen har brei støtte blant Dei konservative.

Michael Gove.

Miljøvernminister Michael Gove.

Foto: Matt Dunham / Ap

Han har stått fram som ein sterk miljøforkjempar og har blant anna slåst for å få til den beste brexit-avtalen for bønder og fiskarar.

4. Andrea Leadsom

Leiaren for Dei konservative i Underhuset, Andrea Leadsom, varsla sin avgang i ei Twittermelding denne veka. I eit brev skreiv ho at ho ikkje lenger har tru på at regjeringa si tilnærming til brexit er den rette.

Andrea Leadsom

Andrea Leadsom var inntil nyleg leiar for Dei konservative i Underhuset.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

– Eg har alltid heldt fast ved at ei ny folkeavrøysting vil vere farleg og splittande, og støttar ikkje at regjeringa villig går inn for å legge til rette for det, skriv Leadsom i brevet.

5. Jeremy Hunt

Kjent som «Teflon-Jeremy» for evna han har til å la kritikk prelle av, då han var helseminister. I dag er han utanriksminister, og mange meiner at jobben har gitt han rett type erfaring til å ta over stafettpinnen etter May.

Storbritannias utenriksminister Jeremy Hunt

Jeremy Hunt er utanriksminister i Storbritannia.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Har mista veljarar

Tre av fem veljarar i Det konservative partiet vil ikkje stemme på eige parti i dag, det viser partiet si eiga undersøking. Mange har flykta over til det nystarta Brexitpartiet, som på berre seks veker har fått over 100 000 betalande støttespelarar.

Det er også venta at May og Det konservative partiet vil bli hardt straffa i EU-valet, etter at ho ikkje greidde å gjennomføre Brexit innan 29. mars, slik ho hadde lova. Britane er nemleg tvungne til å vere med i valet til nytt EU-parlament tre år etter at fleirtalet i ei folkeavstemming bestemte at Storbritannia skal ut av EU.