I ein tordentale i det britiske underhuset, kravde statsminister Teresa May at Russland legg alle kort på bordet innan tysdag kveld. Det vil sei om 36 timar.
– Kva tiltak vi vil sette i verk, kjem an på den russiske responsen, sa May.
– For dette er eit uforsvarleg angrep på Storbritannia, noko som vi på ingen måte vil tolerere, sa May.
RUSSLAND HAR 36 TIMAR PÅ SEG: Storbritannias statsminister Theresa may krev svar frå Russland.
Russland svarar: – Dette er eit sirkus
Ei talskvinne for russiske myndigheiter kallar statsminister Theresa Mays tale for «ein provokasjon og eit sirkusshow», melder AFP.
Søndag for snart ei veke sidan den russiske avhopparen Sergej Skripal og dottera Julia, forgifta av ei militær nervegift i Salisbury.
Dei ligg på sjukehus, saman med ein politimann som prøvde å hjelpe dei. Tilstanden skal vere alvorleg, men stabil.
May: – Russisk nervegift
I talen understreka May at det hadde blitt brukt ei militær nervegift som er utvikla av Russland, og at det er kjent at Russland tidlegare har produsert den.
Nervegifta er kalla Novichok. Med tanke på at russiske styresmakter har ei historie med statsstøtta attentat, meiner May det er svært sannsynleg at Russland står bak angrepet:
– Enten er dette ei direkte handling frå den russiske staten, eller så har Russland mista kontrollen over ein farleg nervegass.
Og det er dette May krev å få svar på i morgon. Da har ho kalla den russiske ambassadøren inn på teppet.
– Får eg ikkje noko tilfredsstillande svar, vil eg rekne dette som ulovleg maktbruk frå Russland si side mot Storbritannia.
– Russland er aggressive
May skulda også den russiske staten for å oppføre seg aggressivt mot sine europeiske naboar. Ho viste til at russiske kampfly krenker europeisk luftrom, hacking av det danske forsvarsdepartementet, den tyske Forbundsdagen, og innblanding i ulike lands val.
Ho viste også til annekteringa av Krim-halvøya.
Ho meinte også at Vladimir Putin sin presentasjon, der han simulerte atomangrep på Florida, viste at Russland oppfører seg lite konstruktivt i utanrikspolitikken.