NRK Meny
Normal

– Redningsaksjonen gjekk betre enn venta

THAM LUANG-GROTTA (NRK): Lite vatn i grotta har gjort at første delen av redningsaksjonen gjekk betre enn venta, ifølgje redningsleiaren. Like etter at dei fire første gutane var ute av grotta kom regnet.

For første gong på 16 dagar ser dei dagslys igjen. Den første gruppa frå fotballaget er no kome ut av grotta, og vert tekne hand om av helsepersonell.

– I dag var den beste situasjonen, både med tanke på helsa til barna og på redningsoppdraget, sa Narongsak Osatanakorn,guvernør i provinsen Chiang Rai, under ein pressekonferanse.

Narongsak er også leiar for redningsoperasjonen,og sa at han har møtt dei fire gutane som er redda ut, og at dei alle ser ut til å vere i god form. Dei skal vere sende til sjukehus for legesjekk.

Treng meir tid

– Det har vore ein stor suksess, men jobben vår er ikkje over enno, sa Narongsak.

Narongsak Osatanakorn

Narongsak Osatanakorn har møtt gutane, og seier dei ser ut til å vere i god form.

Foto: Sakchai Lalit / AP

Dykkarane har avslutta første fase av redningsaksjonen, og treng tid til å førebu seg skal dei klare å hente ut den neste gruppa.

– Eg kan ikkje gi dykk eit nøyaktig tidspunkt, men neste fase av operasjonen startar om 10 til 20 timar, sa Narongsak.

Bangkok Post melde søndag at fotballaget kom til å bli delt inn i fire grupper når dei vert redda ut. Ifølgje avisa skal det vere fire personar i den første gruppa, medan det i dei andre gruppene skal vere tre.

Narongsak ville ikkje seie kven av gutane som er redda ut, men sa at det var dei som hadde best helsetilstand som blei redda først.

– Enklare enn venta

Då redningsaksjonen starta søndag morgon, opplyste redningsleiaren at det kom til å ta elleve timar for ein trent dykkar å ta seg inn og ut av grotta.

Ifølgje ein av redningsarbeidarane, som avisa The Guardian har snakka med, har vasstanden inne i grotta gått så mykje ned at det er blitt lettare å ta seg ut av grotta.

Fleire stadar er det mogleg for gutane å ta seg fram til fots i staden for å måtte symje eller dykke. Narongsak fortel at gutane har måtte dykke i til saman ein kilometer.

Dykkarar

Til saman var 90 dykkarar involverte i redningsoperasjonen for å få det thailandske fotballaget ut av grotta. 50 av dykkarane er utanlandske og 40 thailandske.

Foto: AP

Kamp mot klokka

Steve Whitlock er ein erfaren grottedykkar og har vore med på ein redningsaksjon i ei av dei djupaste grottene i verda. Han seier til The Guardian at operasjonen ikkje er over før alle er ute av grotta, inkludert redningsmannskapet.

– Det er framleis mange menneske som skal bli redda ut, seier Whitlock til The Guardian, og ber folk om å ikkje puste letta ut heilt enno.

Det har for det meste vore opphaldsvêr søndag, men like etter at redningsoperasjonen tok pause for natta starta det å regne.

Også måndag morgon er det meldt om kraftig regnvêr. Det betyr at redningsaksjonen kan bli meir krevjande når dykkarane skal hente ut dei ni som framleis sit att i grotta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt