Hopp til innhold

Thailand tar farvel med kong Bhumibol

Han døydde for eitt år sidan. Men først i dag blir han kremert. Hundretusenvis av thailendarar er ute i gatene for å ta farvel.

THAILAND-KING/

Den kongelege urna i prosesjonen ved det store palasset i Bangkok.

Foto: STRINGER / Reuters

Tårer, sorg, menneske som er kledde i svart. Gatene i den thailandske hovudstaden Bangkok er fulle av sørgjande som har møtt fram for å vise sin respekt for den høgt akta monarken. Millionar av menneske over heile landet følgjer den historiske hendinga på TV.

THAILAND-KING/

Ein av dei mange sørgjande som har møtt fram for å ta eit siste farvel med kong Bhumibol.

Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters

Tre store prosesjonar er på veg gjennom gatene. I prosesjonane deltek medlemmer av den kongelege familien og fleire tusen soldatar.

Sjå direktesending frå seremonien i Bangkok.

Ei urne, som representerer lekamen til kong Bhumibol, blir frakta i ei forgylt vogn frå 1795 – vogna er blitt brukt til å bere urnene til andre kongelege familiemedlemmer.

Bhumibol Adulyadej

Kong Bhumibol var Thailands monark frå 1946 til 2016.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Urna blir frakta til eit spesialbygd krematorium som det har tatt eitt år å byggje. Leivningane av kong Bhumibol er balsamert og ligg i tronerommet i palasset.

Gravferdsseremonien starta onsdag, og varer i fem dagar. Seremonien inneheld fleire buddhistritual, tradisjonell musikk og teaterframsyningar.

THAILAND-KING/

Sørgjande ved prosesjonen med urna som representerer lekamen til kong Bhumibol.

Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters

Sjølve kremeringa finn stad torsdag med kong Bhumibol sin son og noverande konge, Maha Vajiralongkorn, som seremonimeister. Kronprins Haakon er blant dei mange gjestene som deltek under seremonien torsdag.

Kong Bhumibols døydde 13. oktober i fjor, 88 år gammal. Han sat på trona i over 70 år, og var den lengstregjerande kongen i verda.

Han hadde ein heilt spesiell posisjon i folket. Statsminister Prayuth Chan-ocha erklærte eitt års landesorg for statleg tilsette same dag som kongen gjekk bort.

Den folkekjære monarken sovnet inn onsdag, 88 år gammel.

Den folkekjære monarken sovna inn 13. oktober 2016, 88 år gammal.

1. desember i fjor blei kronprins Maha Vajiralongkorn (fødd 28. juli 1952) innsett som Thailands nye konge.

Han var omstridd, kjent som ein playboy – og blei av mange rekna for å vere ubrukeleg i rolla som konge. Rykta om pengebruk, vanskeleg temperament og kvinnehistorier var mange. Han hadde tre oppløyste ekteskap bak seg då han tok over som konge av Thailand.

THAILAND-KING/

Kong Maha Vajiralongkorn under gravferdsseremonien torsdag.

Foto: JORGE SILVA / Reuters