NRK Meny
Normal

Texas: Lovleg med synlege våpen igjen

Frå og med 1. januar var det igjen fullt lovleg for innbyggjarar i den amerikanske delstaten å bere handvåpen synleg. Dette har vore ulovleg i delstaten sidan 1871.

To kvinner poserer med våpen i beltet i Austin Texas.

To kvinner viser kvarandre handvåpena sine under ei markering til støtte for den nye våpenlova i Austin i Texas 1. nyttårsdag.

Foto: ERICH SCHLEGEL / Afp

Den nye lova er vedteken i delstatsforsamlinga i Texas, der Det republikanske partiet har fleirtal. Tilhengjarane av lova seier at endringane vil gjere det tryggare for dei 27 millionar innbyggjarane i delstaten.

– 1. januar er dagen for at innbyggjarane i Texas igjen får tilbake retten til å bere våpen, etter over 140 år, sa ein glad C.J. Grisham, president i organisasjonen Open Carry Texas, som har kjempa fram den nye lova.

Ein million med lisens

Våpenglede i Texas.

C.J. Grisham, leiar for organisasjonen Open Carry Texas, talar til andre tilhengjarar av den nye lova utanfor delstatsforsamlinga i Austin 1. nyttårsdag.

Foto: ERICH SCHLEGEL / Afp

Det er berre innbyggjarar med våpenlisens, rundt ein million personar, som kan bere våpena sine i beltet etter den nye lova. Det er først og fremst pistolar det er snakk om, og det er eit krav at dei skal berast i eit pistolhylster.

Forbodet mot å bere våpen offentleg vart innført i Texas i 1871, etter at styresmaktene fann ut at det gjekk litt for vilt føre seg i «Det Ville Vesten».

På 1. nyttårsdag møtte C. J. Grisham og rundt 100 tilhengjarar av den nye lova opp ved delstatsforsamlinga for å feire. Dei bar plakatar til støtte for liberaliseringa av våpenlovene, og dei fleste hadde pistolane sine godt synlege i beltet.

Mange er likevel motstandarar av lovendringa, og demokratane Diego Bernal, som røysta mot lovforslaget i delstatsforsamlinga, seier at han ikkje trur det kjem noko godt ut av den nye lova.

Frustrert Obama

– Eg kan vanskeleg sjå korleis å innføre våpen i dagleglivet vårt kan føre noko godt med seg, seier han til Reuters.

Samstundes seier USAs president Barack Obama at han er frustrert over manglande vilje i Kongressen til å gjere noko med våpenkontroll, og han lovar å ta saka i eigne hender.

– Eg har fått for mange brev frå foreldre, lærarar og born til ikkje å gjere noko, sa Obama i ein tale i går.

Måndag møter han justisminister Loretta lynch for å diskutere tiltak mot våpenvald, tiltak som ikkje må gjennom Kongressen for godkjenning. Ifølgje Washington Post gjeld det blant anna grundigare bakgrunnssjekk av dei som handlar hos dei store våpenforhandlarane.

36 skutt og drept daglig i USA

Trumps menn har allerede tapt

– Bush på offensiven i natt, men for seint

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt