NRK Meny
Normal

Terrorsikta nektar straffskuld

Terrorsikta Abid Naseer erkjende seg ikkje skuldig då han måndag blei framstilt for varetektsfengsling i ein domstol i New York. 26-åringen er sikta for terrorplanar mot både Noreg, USA og Storbritannia.

Terrorsikta Abid Naseer erkjende seg ikkje skuldig då han måndag blei framstilt for varetektsfengsling i ein domstol i New York. 26-åringen er sikta for terrorplanar mot både Noreg, USA og Storbritannia.

SJÅ VIDEO: Abid Naseer (til venstre) var til stades under gårsdagens fengslingsmøte i ein føderal domstol i Brooklyn, New York.

Naseer blei utlevert frå Storbritannia til USA fredag førre veke. Måndag vart han varetektsfengsla i åtte veker fram til neste rettsmøte, 7. mars.

Den terrorsikta møtte opp i rettssalen saman med forsvararen sin Steven Brounstein under fengslingsmøtet, som fann stad i ein føderal domstol i bydelen Brooklyn i New York.

– Planla terror for Al Qaida

Abid Naseer

Abid Naseer risikerer livstid i eit amerikansk fengsel dersom han blir funnen skuldig i Al Qaida-relasjonar og terrorplanlegging i USA, Storbritannia og Noreg.

Foto: Handout

Naseer vedgjekk ikkje straffskuld. Amerikanske styresmakter hevdar at pakistanaren er arkitekten bak fleire planlagde terroraksjonar. I tillegg til undergrunnen i New York og terrormål i Manchester og Liverpool, skal mannen ha planlagt terror på norsk jord - på vegne av terrornettverket Al Qaida.

Påtalemakta meiner å ha bevis for at mannen kjøpte inn bombeingrediansar, rekognoserte rundt moglege terrormål og var jamnleg i kontakt med andre påståtte Al Qaida-operative.

Det er også mistanke om at Naseer har vore i kontakt med dei tre domfelte i den såkalla terrorplanleggingssaka i Noreg - Mikael Davud, Shawan Sadek Saeed Bujak og David Jakobsen

Naseer risikerer å måtte sona livstid i fengsel dersom han blir funnen skuldig.

Abid Naseer blei arrestert saman med 11 andre i ein britisk anti-terror operasjon i april 2009. Dei blei alle lauslatne kort tid etter utan at det blei teke ut siktingar mot dei, og utvist frå Storbritannia. Risikoen for tortur hindra deportering av Naseer, og han blei arrestert på ny i juli 2010 etter ei anmoding frå USA.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt