Hopp til innhold

Terrormistenkt tok livet av seg i fengsel

Den terrormistenkte syriske flyktningen Jaber Albakr, som vart arrestert i Leipzig måndag, har teke livet av seg, melder Spiegel Online.

Etterlyser mann i forbindelse med sprengstoff-funn.

22 år gamle Jaber Albakr har teke livet av seg i fengselet.

Foto: HO / Afp

Dette skal ha skjedd medan han var i politiet si varetekt. 22-åringen greidde å stikke av frå ein politiaksjon i Chemnitz sist laurdag, der politiet tok beslag i eitt kilo avansert bombemateriale i eit husvære i byen.

Politiet trur Albakr hadde band til terrororganisasjonen IS , og dei mistenkte han for å ha planlagt eit terrorangrep i Tyskland.

Kontinuerleg overvaking

Det er uklart korleis han greidde å ta livet sitt. Han var under kontinuerleg overvaking på grunn av sjølvmordsfare og fordi han nekta å ta til seg mat, skriv Spiegel. Det tyske nyheitsbyrået DPA skriv at han hengde seg i cella.

Albakr vart arrestert måndag etter å ha vorte overmanna av ei gruppe flyktningar frå Syria.

Tysk etterretning skal ha hatt Jaber Albakr under oppsikt sidan september, og dei fann ein kilo av ein type sprengstoff som tidlegare er brukt i terroraksjonar, i husværet der han budde i Chemnitz.

Talsmann Jörg Herold i det tyske justisdepartementet seier at 22-åringen tok livet sitt i løpet av kvelden, men at saka framleis er under etterforsking.

Fekk asyl i fjor

Han kom til Tyskland i februar i fjor og fekk innvilga asyl i november same året.

Tyske styresmakter seier dei vil gi meir informasjon om saka på ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

SISTE NYTT

Siste nytt