NRK Meny
Normal

Terrormistenkt stansa med sjokkvåpen

Knivstikkinga på ein T-banestasjon i London i går kveld blir etterforska som eit terrorangrep, opplyser politiet. Tre menneske vart såra i angrepet, og tilstanden er alvorleg for ein av dei.

Amatørvideo av knivstikkeren fra T-banen i London.

VIDEO: Sjå den dramatiske arrestasjonen.

Vitne fortel til Sky News at knivstikkaren ropte «Dette er for Syria» då han gjekk til angrep mot fleire personar på T-banestasjonen Leytonstone (Central Line) i den austlege delen av den britiske hovudstaden.

Amatørvideoen i ingressen viser at det er mykje blod ved sperrene til stasjonen. Politiet brukte eit elektrosjokkvåpen for å overmanne angriparen, og London-politiet opplyser at det gjekk åtte minutt frå alarmen gjekk til mannen var arrestert.

– Terrorangrep

Knivangrep i London.

Teknikarar frå London-politiet i arbeid på staden der knivstikkinga skjedde.

Foto: NEIL HALL / Reuters

Michael Garcia, som var vitne til det som skjedde, seier til BBC at han såg ein vaksen mann liggje på golvet, med ein annan mann ståande over seg med ein tynn kniv i handa. Knivmannen ropte at folk som hadde samla seg rundt skulle ha seg vekk.

Terrorberedskapen i Storbritannia er på det nest høgste nivået, som betyr at eit terrorangrep er svært sannsynleg.

– Vi ser på dette som eit terrorangrep, seier Richard Walton, leiar for antiterroravdelinga ved London Metropolitan Police.

– Følgjer situasjonen nøye

Ei talskvinne for statsminister David Cameron seier at Downing Street følgjer situasjonen nøye, og at dei ventar på fleire detaljar frå politiet. Labour-leiar Jeremy Corbyn var også raskt ut med å kommentere hendinga. Han skreiv på Twitter at angrepet i Leytonstone er sjokkerande.

Stills fra T-banen, intervju med vitne

VIDEO: Knivangrep på T-banen i London.

Knivstikking i London.

Knivangrepet på Leytonstone T-banestasjon i London i går kveld blir etterforska som eit terrorangrep.

Foto: NEIL HALL / Reuters
Laster kart, vennligst vent...

Britene går til krig mot IS i Syria

Britiske bombefly skal ha utført angrep i Syria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt