Terrormistenkt i London er tidlegare dømt – hadde framleis fotlenke

28 år gamle Usman Khan sto bak knivangrepet på London Bridge fredag, ifølgje politiet. Han var tidlegare straffedømt for terror.

Usman Khan, gjerningsmann bak terror på London bridge

Usman Khan skal ha pakistansk bakgrunn, men budde i Staffordshire i England. Han var sikta for terrorplanlegging i 2010, og slapp ut av fengsel for eit år sidan.

Foto: METROPOLITAN POLICE/NTB SCANPIX/VIDEO/NRK

Det opplyser sjefen for det britiske antiterrorpolitiet, Neil Basu, i ein uttale natt til laurdag.

– Denne personen var kjent for styresmaktene etter å ha vore dømt for eit terrorforhold i 2012. Han vart sett fri frå fengselet i desember 2018. Eit viktig etterforskingsskritt no er å finne ut kvifor han utførte dette angrepet, seier Basu.

Ifølgje fleire britiske medium var Usman Khan ein av ni menn som var arresterte i 2010 og sikta for å ha planlagt åtak mot London-børsen og den amerikanske ambassaden.

Sjefen for det britiske antiterrorpolitiet, Neil Basu, foran New Scotland Yard

Sjefen for det britiske antiterrorpolitiet, Neil Basu, gjekk ut med namnet på den mistenkte i natt.

Hadde fotlenke

Ifølge The Times' framside laurdag brukte Usman Khan fotlenke som eit vilkår for prøvelauslatinga. Avisa skriv at han var dømt for «islamistiske, terrorrelaterte forhold».

Han skal ifølgje politiet ha vore på ein konferanse på Cambridge University i London om rehabilitering etter fengselsopphald.

Khan budde i Staffordshire-området, og politiet gjennomførte fredag kveld søk på ei adresse i området.

Storbritannias fungerande innanriksminister Brandon Lewis bekreftar laurdag formiddag at 28-åringen er dømt for terrorforbrytelser, og vart lauslaten i fjor.

Lewis seier at forholda rundt vilkåra Khan var underlagt vil bli undersøkt. Khan seier man også skal gjere ein vurdering av om straffene for terrorhandlingar er strenge nok.

– Det er vilkår som personar i denne situasjonen er underlagt, og dette er ting politiet vil sjå på som ein del av sin etterforsking, seier Lewis til BBC.

Politiet jobber med bevissikring under et telt på London bridge

Kriminalteknikarar jobba med bevissikring under eit telt på London Bridge i natt.

Foto: Kirsty O'Connor / AP/NTB Scanpix

Trur han var åleine

– Sjølv om vi framleis er på eit tidleg stadium i etterforskinga, søker vi ikkje aktivt etter nokon andre som kan knytast til angrepet, seier Basu.

Politiet oppfordrar folk til å halde seg vekke frå området ved London Bridge i næraste framtid. Samstundes oppfordrar dei folk til å fortsette å vere årvakne, stole på instinkta sine og melde frå til politiet om noko verker unormalt.

Mann og kvinne drepne

Politiet i London stadfesta i natt at dei to som vart drepne i terroråtaket på London Bridge, var ein mann og ei kvinne.

Tre andre, ein mann og to kvinner, vart skadde og får behandling på sjukehus.

Tilstanden til éin av dei skadde er kritisk, men stabil, medan ein annan person er stabil. Det tredje offeret har mindre alvorlege skadar, opplyste leiar Simon Stevens i det offentlege helsevesenet NHS i Storbritannia fredag kveld.

Gjerningsmannen vart skoten og drepen av politiet. Han var iført ein falsk bombevest og hadde to knivar teipa til hendene. Ifølgje The Times vart det òg funne ein pistol i veska til mannen.

Britiske lørdagsaviser hyller sivilistene som grep inn og avvæpnet terroristen på London bridge

Britiske tabloidar hyllar dei sivile heltane som avvæpna gjerningsmannen på brua før politiet kom til.

Foto: Skjermdump, NRK

SISTE NYTT

Siste nytt