Hopp til innhold

Terrormistenkt 22-åring framleis på frifot

Tyske spesialstyrkar har arrestert ein ny mann i Chemnitz i samband med den massive jakta på ein 22 år gammal syrisk mann, som er mistenkt for å ha planlagt ein terroraksjon.

Etterlyser mann i forbindelse med sprengstoff-funn.

Tysk politi har sett i verk ei storstilt jakt på 22 år gamle Jaber Albakr, etter funn av eksplosiv i husværet hans i går.

Foto: HO / Afp

Mannen som vart arrestert i dag skal ha hatt kjennskap til 22-åringen, som framleis er på frifot. Spesialstyrkane aksjonerte mot eit husvære i eit bustadkompleks i byen, som ligg i delstaten Sachsen i det austlege Tyskland.

Tyske spesialstyrkar aksjonerte i Chemnitz.

Spesialstyrkane tok ingen sjansar då dei aksjonerte mot eit nytt husvære i Chemnitz i dag.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Den etterlyste syraren, Jaber Albakr, greidde å flykte då politiet i går aksjonerte mot eit anna husvære i Chemnitz. Dei såg han ved ytterdøra i bustadblokka, men han greidde å stikke av.

Funn av eksplosiv

Det var funne fleire hundre gram eksplosiv inne i husværet, og politiet meiner det er sannsynleg at den syriske flyktningen hadde planar om å gjennomføre eit terrorangrep.

Tre personar som truleg hadde hatt kontakt med Jaber Albakr vart arresterte av politiet i går ettermiddag, men to av dei er sette fri etter avhøyr.

Fleire hundre politifolk har jakta på 22-åringen sidan i går, men dei har ikkje greidd å få tak i han.

– Vi trur framleis at denne personen er ein trussel, seier Tom Bernhardt, talsmann for kriminalpolitiet i Sachsen.

Politiaksjon i Stemnitz.

Fleire hundre politifolk deltek i jakta på den etterlyste 22-åringen. I dag aksjonerte politiet mot eit nytt husvære i Chemnitz.

Foto: Hendrik Schmidt / Ap

– Kan vere farleg

Tyske styresmakter har varsla utanlandske tryggingstenester om den etterlyste syraren. Dei ber også publikum om hjelp, men åtvarar samstundes om at mannen kan vere farleg.

Nyheitsbyrået Reuters siterer ei tryggingskjelde på at det er god grunn til å tru at Jaber Albakr har islamistiske sympatiar, men at dei ikkje har bevis for at han er knytt til terrororganisasjonen IS. Kjelda meiner han like godt kan ha vorte radikalisert via Internett.

Politiaksjon i Chemnitz.

Politiet brukar også hundar i jakta på den etterlyste 22-åringen.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Jaber Albakr kom til Tyskland i fjor og er registrert som flyktning. Han var ikkje kjent av politiet før dei fekk tips frå tysk etterretning, eit tips som leidde til aksjonen mot husværet hans i går.

To IS-angrep i juli

Tysk politi er på tå hev etter to angrep der IS tok på seg skulda i juli i år. Det var først eit angrep mot eit tog nær Wuerzburg, og litt seinare mot ein musikkfestival i Ansbach. Rundt 20 menneske vart såra i desse angrepa, men ingen andre enn angriparane miste livet.

Då politiet gjekk til aksjon mot bustaden til Albakr i går, vart rundt 100 personar evakuerte frå den feme etasjar høge bygningen. Eksplosiva vart vurderte til å vere så ustabile at dei ikkje kunne flyttast langt.

SISTE NYTT

Siste nytt