NRK Meny
Normal

Terrorleiar arrestert

Styresmaktene i Indonesia seier dei har arrestert leiaren for terrororganisasjonen Jemaah Islamiah.

 Zarkasih, leiar for sen sørasiatiske terrororganisasjonen Jemaah Islamiah
Foto: DADANG TRI / REUTERS

Jemaah Islamiah er mellom anna anklaga for å stå bak terrorangrepet på Bali i 2002.

 

 

Arrestasjonen kan vere eit alvorleg slag mot gruppa som har fått skulda for ei rekke blodige terrorangrep i Indonesia og andre stader.

Arrestert på Java

Mannen skal ha blitt arrestert på Java for ei veke sidan.

Han er blitt namngjeven som Zarkashi, men er også kjend som Mbah, opplyste sjefen for Inonesias antiterrorstyrke på ein pressekonferanse i hovudstaden Jakarta.

Landets mest ettersøkte

Opplysninga om arrestasjonen kom berre to dagar etter at politiet kunne fortelje at dei hadde teke Abu Dujana (37), som skal ha leia gruppa si militære grein.

Dujana har vore rekna som landets mest ettersøkte ytterligåande islamist, og vart arrestert forrige veke saman med sju andre antatte terroristar på øya Java.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt