Dei to belgiarane som kom for å hente Abddeslam skal i avhøyr med politiet ha sagt at han var i ein sjokktilstand, og skildrar ei stor jakke som kan ha skjult eit bombebelte, skriv Le Nouvel Observateur. Dei andre angriparane som tok livet av 130 personar i Paris sprengde seg sjølv i angrepet, inkludert broren Brahim Abdelslam. Ifølge advokaten til ein av dei skal dei tre ha vore nøydde til å vise papir tre gonger på veg til Brussel, og kvar gong vart dei vinka vidare.
- Les også:
Køyrde bilen til Stade de France
Det viser seg at Abdeslam skal ha køyrt bilen med dei tre som sprengde seg sjølv ved Stade de France, ifølge spor frå mobiltelefonen hans. I Clioen, som vart funne i 18.arondissement, vart ein lapp med «Roissy-Saint-Martin-République» handskrive funne.
Roissy er området ved Charles de Gaulle-flyplassen, canal Saint-Martin er området der mange av dei angripne barane og restaurantane ligg og også République-plassen som er like i nærleiken.
Fleire av bilane som vart brukte i angrepet hadde belgiske skilt og var leigde i Abdeslam sitt namn. Bilane skal ha vorte observert idet dei køyrte frå Belgia til Paris fredag før angrepa tok til.
Etter at Abdeslam passerte grensa til Belgia dagen etter angrepa er det ingen sikre spor etter mannen. Politiet aksjonerte mot bydelen Molenbeek i Brussel der Abdeslam-brørne og fleire andre knytt til terrorangrepet budde, men fann ikkje Abdeslam. Fleire andre som er mistenkte for å vere knytt til angrepet vart arresterte.
- Les også:
Jakta held fram
Også fredag kveld arresterte politiet nye mistenkte, men har framleis ikkje spor etter Abdeslam, med unntak av vitne som skal ha sett Abdeslam i nærleiken av togstasjonen Brussel Sør (Bruxelles-Midi) torsdag ifølge den belgiske avisa DH. Dette er ikkje stadfesta av politiet.
– Det er to moglege teoriar: Enten at ettersom han feila i Paris må han no lukkast med eit nytt terrorangrep, eller at han vart redd i Paris og at IS ikkje er særleg glade for det, sa Eric Van Der Sypt, talsmann for statsadvokaten i Belgia etter at politiet fredag kveld arresterte tre personar som skal vere knytt til terrorangrepet.
Belgia er no på tå hev, og heva trusselnivået til det høgste nivået natt til laurdag.
- Les også: