Normal

Terrorfrykt og turistsvikt i Paris

Væpna soldatar og politi pregar sentrumsgatene i Paris julaftan. Byen er framleis på tå hev etter terrorangrepa 13. november.

Væpna soldaatar framfor Nortre Dame.

Strengt vakthald framfor Nortre Dame-katedralen i Paris.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Paris er den byen i verda som har flest turistar, og det er vanlegvis mykje tilreisande også i julehelga. I år er det langt færre enn normalt.

Frykt for nye terroraksjonar har fått mange til å droppe å vitje byen denne julehelga, sjølv om styresmaktene gjer det dei kan for å forsikre om at byen er trygg.

Kraftig nedgang

Høg beredskap i Paris.

Væpna politi og soldatar pregar sentrum av Paris denne jula. Her ein soldat framfor Nortre Dame-katedralen.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Flytrafikken til den franske hovudstaden har gått ned med nesten ein tredel, og dei spesielle båtane som trafikkerer Seinen, «bateaux-mouch» har opplevd ein nedgang i trafikken på mellom 15 og 30 prosent sidan terrorangrepet.

Også andre merkar nedgangen, ikkje minst turistguidane. Talet på kinesarar har gått ned med over 30 prosent, men nedgangen er langt sterkare for andre språkgrupper.

– Kinesarane er faktisk av dei modigaste Det er 80 prosent færre som ynskjer tolking på engelsk og japansk, seier turistguiden Cecilie Reverdy til fransk fjernsyn.

Ny arrestasjon

Samstundes kjem det melding om at den belgiske påtalemakta har sikta ein ny mann, den niande hittil, for medverknad til terrorangrepet 13, november, der 130 menneske vart drepne og fleire hundre vart såra.

Den arresterte, som blir namngitt som Abdoulla C., er 30 år gammal og belgisk statsborgar.

Ifølgje ein talsmann for påtalemakta i Belgia ringde mannen fleire gonger til ein av dei andre mistenkte, Hasna Aitboulachen etter terrorangrepet. Aitboulachen var i slekt med mannen politiet trur var hovudmannen bak terrorangrepa, Abdelhamid Abaaoud.

Belgisk politi jakter denne mannen etter Paris-terroren

Terroren i Europa rammet oftere før

Eagles of Death Metal tilbake på Bataclan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt