NRK Meny
Normal

Terrorettersøkt fanga på overvakingskamera i Tyrkia

Eit overvakingskamera på flyplassen i Istanbul i Tyrkia har fanga opp det som skal vere den etterlyste Hayat Boumeddiene. Opptaket er datert 2. januar, før angrepa i Paris.

Hayat Boumedienne i Istanbul

Tyrkisk politi meiner at det er Hayat Boumedienne som vart fanga opp av overvakingskamera i Istanbul 2. januar. Sjå videoen.

Tyrkiske politi meiner at det er Boumeddiene som er på videoen, og dei skal også ha registrert fingeravtrykka hennar då ho kom til landet i byrjinga av månaden.

Uklart kor ho er og var

Kor Boumeddiene finn seg no er derimot uklart. Det vert mellom anna jobba ut frå ein teori om at ho reiste inn til Syria den 8. januar, dagen etter det omfattande angrepet mot Charlie Hebdo.

Tidlegare har det blitt hevda at Boumeddiene var med kjærasten, Amedy Coulibaly, då han tok gissel i ein jødisk butikk i Paris på fredag. Andre meiner ho ikkje eingong var i landet då det skjedde.

CORRECTION France Market Attack

Amedy Coulibaly vart drepen då han tok gissel i ein jødisk butikk i Paris fredag. Kjærasten hans, Hayat Boumedienne, er no etterlyst.

Foto: Uncredited / Ap

Tyrkisk politi jobbar ut frå ein teori om at Boumedienne skal ha vore på veg til Syria då ho kom til Tyrkia den 2. januar, for å kjempe saman med terroristgruppa Den islamske stat (IS).

– Kjem seg ikkje til Tyrkia igjen

I to dagar skal ho ha budd på eit hotell i Istanbul, saman med ein namngitt mann, og dei to skal berre ha forlate hotellrommet to gonger medan dei var der. Ho skal også ha ringt til Frankrike ei rekkje gonger under sitt opphald i Tyrkia.

– Det er lite sannsynleg at ho kan krysse grensa inn til Tyrkia att, sjølv med ein falsk identifikasjon, sidan namnet hennar er offentleggjort. Saman med fingeravtrykk kan også ansiktet hennar avsløre ho, seier ein tyrkisk tryggingskjelde til den tyrkiske avisa Hurriyet Daily News.

– Ikkje Tyrkia sin feil

Tyrkisk politi trur Boumedienne vil bli skjult av IS, fram til ho vert nytta av dei ein annan stad for å kjempe for gruppa.

Statsministeren i Tyrkia, Ahmet Davutoglu, meiner at landet ikkje kan bli skulda for å ha gjort ein feil då dei ikkje stoppa Boumedienne medan ho var i landet i byrjinga av januar.

– Tyrkia er avhengige av etterretningsinformasjon for å nekte folk tilgang, seier Davutoglu.

Sjølv om det herskar full forvirring rundt kor Boumedienne har vore før, under og etter terroråtaka i Paris, så er det mykje som tyder på at ho no er i Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt