NRK Meny
Urix forklarer

Terroren Israel ikkje klarer å stanse

Ei bølgje av vald og drap skyl gjennom Israel. Personar med palestinsk bakgrunn brukar bilar, pistolar eller knivar til å angripe israelarar. Israels svar er kontant og dødeleg – men dei klarer ikkje å stanse den nye typen for angrep.

PALESTINIAN-ISRAEL-GAZA-CONFLICT-RALLY

Ei jihadistisk palestinsk gruppe deltek i ei anti-israelsk markering på Gazastripa i desember. Knivane har blitt ytterleggåande palestinarar sitt våpen. Dei går til angrep på grunn av misnøye med Israels okkupasjon og splid om bruk av Tempelhøgda.

Foto: SAID KHATIB / Afp

Valdsbølgja har fått tilnamnet «Knivintifadaen» og starta så vidt i september før den skaut verkeleg fart i oktober. Seinast i dag gjekk to personar til angrep på israelske soldatar. Angriparane måtte bøte med liva.

Den israelske hæren, Israel Defense Forces (IDF), seier at det sidan september har skjedd 159 angrep utført av palestinarar. 100 av desse er knivstikkingar, 37 er ved hjelp av skytevåpen og 22 gonger har bilar blitt brukt som angrepsvåpen. Litt over tjue israelarar er drepne sidan 1. oktober.

YE Mideast Israel Palestinians

Ein palestinsk mann er skoten etter at han forsøkte å angripe israelske soldatar med kniv i oktober.

Foto: Nasser Shiyoukhi / Ap

På palestinsk side har palestinske helsestyresmakter kome fram til at 149 palestinarar er drepne av israelske styrker i den same perioden. Det skriv CNN.

Angrip soldatar

Bakgrunnen for angrepa er som oftast palestinsk misnøye med Israels okkupasjon, og striden om Tempelhøgda, ein heilag stad for både jødar og muslimar.

Og det er særskild israelske soldatar som har vore mål for dei mange angrepa. Det er ofte unge palestinarar som angrip, og dei veit at dei sannsynlegvis dør ved å gå til angrep. Likevel gjer dei det.

– Desse unge menneska er ikkje redde for å døy i det heile tatt. Dei er fullt klar over at sjansen for å bli drepen er stor, seier Amos Harel, som er militær analytikar i den israelske avisa Ha'aretz.

– Symbolske tryggingstiltak

Israel har også tidlegare opplevd valdsbølgjer, men den nye formen for terror, ein person som opererer på eiga hand og utan forvarsel, viser seg å vere vanskelegare å stanse og har skapt mykje redsel.

ISRAEL-PALESTINIANS/ Palestinian woman paints a mural, depicting a masked Palestinian holding a knife, in support of Palestinians committing stabbing attacks against Israelis, in Rafah in the southern Gaza Strip

Ei palestinsk kvinne teiknar på ein vegg i byen Rafah på Gazastripa. Ho teiknar til støtte for dei mange knivangriparane.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Israel har innført omfattande tryggingstiltak den siste tida, og palestinarar vert stadig sjekka for våpen og bedt om å vise fram identifikasjonspapir. Likevel er det mange som kjenner seg sårbare.

– Tryggingstiltaka er på ein måte meir symbolske av seg. Det har meir å gjere med ei kjensle av tryggleik enn tryggleik i seg sjølv, meiner Amos Harel.

Tidlegare har Israel funne meir eller mindre effektive måtar å stanse valdsbølgjer. Under den andre intifadaen på byrjinga av 2000-talet var det fleire sjølvmordsbombarar som gjekk til angrep mot bussar og kafear.

Knivintifadaen held fram

Israel bygde då ein mur, som av palestinarane vert kalla Apartheidmuren, men som også klarte å bidra til ein kraftig reduksjon av sjølvmordsbombarar.

Også då den væpna palestinske gruppa Hamas skaut mange rakettar frå Gazastripa i fjor klarte Israel å stanse dei fleste angrepa ved hjelp av rakettskjoldet Iron Dome.

Men i tillegg gjennomførte Israel ei lang rekke angrep mot mål på Gazastripa, noko som resulterte i over 2.200 drepne på palestinsk side og over 70 drepne på israelsk side.

Men den nye bølgja av angrep skjer på heimebane, inne i Israel. Og om den skal stansast må Israel gjennomføre så omfattande og diskriminerande tiltak at det knapt er realistisk.

For desperate, valdsutøvande palestinarar viser ingen teikn til å stanse sin «Knivintifada» med det første.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt