Hopp til innhold

Terroren skapar frykt i Nigeria: – Me veit ikkje kor dei angrip neste gong

ABUJA, NIGERIA (NRK): Det har vore ein blodig dag i Nigeria, og dei siste vekene er fleire hundre drepne etter gjentatte angrep frå terrorgruppa Boko Haram. – Det er så fælt at eg nesten ikkje har ord lenger, seier ei kvinne til NRK.

I gatene i Abuja er folk redde etter at minst 120 menneske vart drepne i eit angrep lengre nord i landet i dag.

FRYKT: NRK møtte redde innbyggarar på gata i Abuja. Vi beklagar dårleg lydkvalitet i klippet.

Nigeriansk kvinne

På gata i Abuja møter NRK mange som har sterke meiningar om det som skjer lengre nord i Nigeria.

Foto: Christine Præsttun / NRK
Morten Bøås, forskningssjef FAFO

Boko Haram er først og fremst eit lokalt problem i Nord-Nigeria, men dei er på frammarsj og er vanskelege å slå, seier Nupi-forskar og Nigeria-ekspert Morten Bøås.

Foto: NRK

I gatene i Abuja er folk redde etter at minst 120 menneske vart drepne i eit angrep lengre nord i landet i dag.

– Når me tek borna til skulen er me redde. Me veit aldri kor dei kan angripe neste gong – kor bombene smell, seier Amina Sana til NRK på gata i hovudstaden i Nigeria.

Ho fortel at redsla også spreier seg blant folk der.

– Det var eit bombeangrep i Kano i dag. Det er så forferdeleg – for det var born og eldre der, seier Sana.

Angrepa skapar frustrasjon også i hovudstaden.

– Det er så fælt at eg nesten ikkje har ord lenger. Dette har pågått over lengre tid, men ingenting skjer, seier ho.

– Er du nøgd med korleis terroren blir forsøkt stoppa?

– Nei, dei gjer ikkje nok. Styresmaktene må gjere noko med dette, og våre soldatar må handle, seier Sana.

Det er terrorgruppa Boko Haram som spreier frykt i Nigeria, og som også er mistenkte for å stå bak dagens eksplosjonar. Nigeria-ekspert, Morten Bøås, meiner gruppa er på frammarsj, og at Boko Haram er veldig vanskeleg å slå tilbake.

– Dei er vanskelege å slå militært. Dei er ein kombinasjon av ein godt organisert geriljagruppe som opererer på bakken, og fleire sovande celler. Og desse cellene aktiviseres anten via fjernkontroll, eller dei aktiviserer seg sjølve, seier seniorforskar ved NUPI, Morten Bøås.

– Kontant svar frå Boko Haram

Ei av dei sovande terrorcellene til Boko Haram skal vere i nettopp Kano, der angrepa skjedde i dag. Tre sjølvmordsbombarar og fleire menn med skytevåpen gjekk til åtak på ei stor folkegruppe utanfor ein av byens største moskear.

Leiaren for moskeen, Sanusi Lamido Sanusi, kom i sist veke med ei oppmoding til folk i Nigeria. Han meinte dei burde ta opp våpena og kjempe mot Boko Haram. Bøås meiner angrepet i dag er det kontante svaret frå terrorgruppa.

– Boko Haram gjer dette for å vise at det var ei ganske makteslaus utsegn han kom med.

– Er det vanleg at Boko Haram, ei islamistisk gruppe, går til angrep på ein moske?

– Det er ikkje noko dei har gjort veldig ofte, men Boko Haram er like mykje eit opprør mot muslimske leiarar, som det er eit opprør mot den nigerianske staten. Så det at dei går til angrep på muslimske leiarar er ikkje noko nytt, sjølv om dei har vore meir forsiktig med moskear, seier Bøås.

Kidnappede jenter i Nigeria

I april vart 185 jenter kidnappa av Boko Haram. Dei aller fleste er framleis i fangenskap. Kidnappinga vekka brei internasjonal merksemd.

Foto: AP PHOTO / Ap
Nigeria Violence

Abubakar Shakar (i midten) er leiar for Boko Haram. Her er eit bilete frå ein av videoane som gruppa har publisert.

Foto: Ap

Over ein million på flukt

Det er blodige nyheiter som har kome frå Nord-Nigeria den siste veka I går vart 40 menneske drepne, tysdag vart 21 drepne, førre veke måtte over 100 menneske bøte med livet. Røde Kors sa i dag at meir enn ein million menneske er på flukt frå området.

Militæret i Nigeria og presidenten Goodluck Jonathan har fått kritikk for å ikkje gjere nok for å stoppe terrorgruppa. Til neste år er det nyval i Nigeria, der Jonathan stiller til attval, men Bøås trur ikkje Boko Haram vil stikke kjeppar i hjula til presidentens ønske om å halde fram som landets leiar.

– I så fall må det skje ting sørover. Eg trur Jonathan allereie har sett bort frå mange av stemmene frå nord, og at det difor ikkje er så viktig for han. Trass i alt det som skjer, så har Jonathan stor oppslutnad, som ligg på eit tal mellom 40 og 49 prosent.

Nigeriansk problem, ikkje regionalt

Bøås meiner trugselen frå Boko Haram først og fremst er eit lokalt problem i Nord-Nigeria, sjølv om gruppa også har vore aktive i nabolanda Kamerun og Tsjad den siste tida.

– Det er klart at Boko Haram har støttepunkt gjennom etniske nettverk, og dei kan kjøpe seg støtte i grenseområda mot Kamerun og Tsjad. Men dei gjennomfører nærast ingen operasjonar utanfor Nord-Nigeria. Så dette må sjåast som eit nigeriansk problem, meiner Bøås.

Det er særskild i delstatane Borno, Yobe og Adamoua at Boko Haram står sterkt. Den nigerianske stat står uansett ikkje i fare for å ta slutt, meiner Bøås, sjølv om den militære responsen er dårleg. Han understrekar også at Boko Haram ikkje har kontroll over nokre store byar, sjølv om dei får gjennomført aksjonar der.

Så langt har Nigeria vore opptekne av å løyse problemet med Boko Haram sjølve, og det vil dei halde fram med, trur Bøås.

– Det er mogleg at dei kunne trengt nokre gode råd utanfrå, men om dei vil ha det er eit anna spørsmål.

kano nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt