Hopp til innhold

Mistenkt for terror i Noreg - utlevert til USA

Abid Naseer (26), som er mistenkt for å planleggja bombeåtak i blant anna Noreg, er torsdag utlevert frå Storbritannia til USA.

Abid Naseer

Abid Naseer (26) er torsdag utlevert til USA etter å ha sete i britisk varetekt sidan pågripinga den 7. juli 2010. Ifølgje amerikanske styresmakter hadde Naseer planar om terror på norsk jord.

Foto: Handout

Terrormistenkte Naseer blei i dag eskortert av britisk politi frå fengselet til Luton flyplass, der amerikanske representantar møtte dei for flyging til USA. Det opplyser Scotland Yard i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Utleveringa til USA skjer etter at Naseer i desember tapte ei ankesak til Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Mistenkjer kontakt med terror-dømde i Noreg

Pakistanaren er mistenkt for å ha leidd ei terrorcelle i Manchester. Britiske styresmakter sikta mannen for å vera hovudhjernen bak planane om å bomba eit kjøpesenter i byen i april 2009.

Men USA meiner Naseer står bak langt meir omfattande terrorplanar. Han skal på vegne av terrornettverket Al Qaida ha planlagt bombeåtak i både Storbritannia, USA og i Noreg. Undergrunnen i New York skal ha vore blant måla i terrorplanane.

I ei erklæring frå amerikanske styresmakter blir Naseer knytta til Al Qaida-styrte terrorceller i både Noreg, USA og i Storbritannia:

«Bevis vil visa at Naseer bidrog med personell (både seg sjølv og andre) som skulle handla under Al-Qaida sin kontroll (...) åtak i USA, England og Noreg i 2009, og at kommunikasjonen i e-postane om bryllaup, ekteskap, kjæraster, datamaskinar og vêr var kodar som refererte til åtak, bombeingrediensar, reisedokument og bombemål (...)».

Det er også mistanke om at Naseer har vore i kontakt med dei tre domfelte i den såkalla terrorplanleggingssaka i Noreg - Mikael Davud, Shawan Sadek Saeed Bujak og David Jakobsen

Risikerer tortur i Pakistan

Naseer kom til Storbritannia på lovleg vis med studentvisum. Han blei arrestert i april 2009 saman med 11 andre pakistanarar i ein antiterror-razzia i Manchester og Liverpool.

Han har i ettertid sete varetektsfengsla i Belmarsh-fengselet utanfor London, eit fengsel som har rykte på seg for å vera ein arnestad for militante islamistar.

Saka har vore ein juridisk verkebyll for britisk høgsterett. Dommarane har uttalt at mannen er ein« Al Qaida-operativ» som «utgjer ein alvorleg trugsel mot tryggleiken i landet». Mangelen på bevis har hindra ein rettssak og dom, og ei utlevering til Pakistan var uaktuell på grunn av risikoen for tortur.

I USA risikerer Naseer ein livstidsdom og soning på høgrisikoavdeling i eit av dei mest lukka fengsla i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt