Top, som var fødd i Malaysia, er rekna som hjernen bak angrepa mot to luksushotell i Jakarta, JW Marriott og Ritz-Carlton, i juli i år.
Her vart ni menneske drepne og over 50 såra.
Noordin Mohammad Top var også skulda for å stå bak fleire andre terrorangrep i Indonesia.
Ingen tvil
Top vart drepen då indonesisk politi gjekk til aksjon mot eit hus i Solo på Java. Det oppstod ei kraftig skotveksling, og fleire andre mistenkte terroristar vart også drepne.
- Det er ikkje lenger nokon tvil om at det er Noordan Mohammad Top, seier polititalsmann Nanan Soekarna.
Indonesiske styresmakter trudde dei hadde teke livet av Top også i august i år, då dei viste fram bilete av eit lik som dei meinte var han. Men DNA-testar viste at det ikkje var terrorleiaren, som var ein av dei mest ettersøkte personane i Asia.
På flukt
Top hadde lurt indonesiske styresmakter i årevis. Han var gift då han budde i heimlandet Malaysia, men han skal ha gifta seg med minst ei ny kvinne medan han har på flukt i Indonesia.
Det var DNA-prøver frå borna hans i Malaysia som kunne stadfeste at det verkeleg var Top som vart drepen i politiaksjonen på Java torsdag.
Obama-press
Indonesia har vore under sterkt internasjonalt press for å anten arrestere eller drepe Top før USAs president Barack Obama kjem på offisielt besøk til landet i november.
Noordan Mohammad Top har leidd ei gruppe som har hatt nær kontakt med den største islamistiske nettverket i Indonesia, Jemaa Islamiah. Denne gruppa stod truleg bak terrorangrepa på Bali i oktober 2002, der 202 menneske vart drepne. Mange av dei var utanlandske turistar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: