Hopp til innhold

Mistenkjer band til terrornettverk

Fransk politi har arrestert tolv personar og beslaglagd våpen og ammunisjon i to separate antiterror-rassiaer i Sør-Frankrike.

Terror-arrestasjonar i Frankrike

Tolv personar vart tysdag arresterte i sør-Frankrike, mistenkte for å vera innblanda i terrorverksemd.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

Ifølgje det franske nyheitsbyrået AFP skjedde arrestasjonane tysdag morgon i hamnebyen Marseille, i Bordeaux og i Avignon.

– Etterforskarane beslagla blant anna ein kalasjnikov, ei pumpehagle og ammunisjon i samband med pågripingane, seier ei kjelde til AFP.

Tilknyting til al-Qaida

Terrortrugslar i Frankrike

Grunna terrortrugslar har franske styresmakter den siste tida trappa opp sikkerheita på flyplassar og kjende turistmål.

Foto: REMY DE LA MAUVINIERE / Ap

Ni personar blei arresterte i ein aksjon i Marseille og i Avignon, retta mot eit nettverk som skaffa falske dokument til jihadistar som returnerer frå Afganistan, ifølgje nettavisa The Globe and Mail.

I ein separat operasjon blei tre menn arresterte i Marseille og Bordeaux. Dette skjedde etter at politiet avdekte telefonkontakt mellom desse og ein terrormistenkt som blei pågripen i Italia laurdag, mistenkt for tilknyting til terrornettverket al-Qaida.

Ein talsmann frå styresmaktene understrekjer at dei to aksjonane ikkje er relaterte til kvarandre.

Auka trugselnivå

Søndag sendte det amerikanske utanriksdepartementet ut ei åtvaring, der dei bad amerikanske borgarar som reiser i Europa om å utvise forsiktigheit .

Storbritannia har aukt terrortrugsel-nivået frå moderat til høg for britiske statsborgarar som er på reis i Tyskland og i Frankrike

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt