NRK Meny
Normal

Tener milliardar på handel med utryddingsgtrua dyr

Krypskyttarar jaktar på trua dyrearter i stor stil i Afrika. Bakmennene har tent 186 milliardar kroner i året på å selje dyr og delar av dyr vidare ulovleg, viser tal frå organisasjonen Freeland.

Smugling av elfenbein frå elefant.

Støyttenner av elfenbein frå elefantar og horn frå nasehorn er svært ettertrakta på den illegale marknaden.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap

Handel med trua dyrearter er den fjerde mest lukrative ulovlege verksemda i verda, etter narkotika, menneskesmugling og ulovleg våpenhandel. Men i motsetning til dei tre første på lista, så opererer dyresmuglarane nærmast fritt, meiner Freeland .

Freeland er ein organisasjon som arbeider mot denne ulovlege handelen, og som samarbeider tett med blant andre thailandske styresmakter. Ifølgje den britiske avisa The Guardian har organisasjonen avdekt viktige smuglarruter frå Afrika til Asia.

Internasjonal avtale

Dette skjer samstundes som det blir halde ein stor konferanse i Johannesburg i Sør-Afrika, der 182 land som har skrive under Avtalen om internasjonal handel med trua dyrearter diskuterer det stadig aukande problemet.

Nasehorn i Sør-Afrika.

Bestanden av nasehorn har gått kraftig tilbake dei siste åra, mykje på grunn av ulovleg jakt.

Foto: MUJAHID SAFODIEN / Afp

Mange villdyr står i fare for å bli utrydda. Det er i dag 30.000 nasehorn igjen i verda, og det er berre fem prosent av bestanden for 40 år sidan. Det går kraftig tilbake også med bestanden av elefantar. .

I fjor åleine vart 20.000 elefantar skotne, berre på grunn av dei verdfulle støyttennene av elfenbein. Det er horna som gjer nasehornet så ettertrakta.

Det er ikkje berre store dyr det blir handla med, og som står i fare for å bli utrydda. Det gjeld blant anna skjeldyret pangolin, som ofte blir smugla levande. Årsaka er at det er ei utbreidd tru på at skjella på dyrearten kan hjelpe nybakte mødrer til å amme borna sine.

650 nedfryste skjelldyr funnet i indonesisk hus

Omfattande trafikk

Det skjer også ein omfattande trafikk av skjelpadder, pytonslangar, antiloper og ulike fugleartar

Fleire ulike dyrelemmar blir smugla til Kina, der dei blir brukte som ingrediensar i naturmedisin.

Det er avdekt smuglarruter frå fleire stader i Afrika til Søraust-Asia og Kina. Freeland og The Guardian peikar på to vietnamesiske brør som sentrale i trafikken. Tidlegare var hovudmannen ein laotisk mann, som vart kalla «The Pablo Escobar of Wildlife trafficking».

No verkar det som om han er ute av biletet, etter at amerikanske styresmakter lova ein dusør på ein millionar dollar for dei som greidde å stanse den ulovlege verksemda hans.

Pablo Escobar var ein narkobaron frå Colombia, som styrte det illgjetne Medellin-kartellet med hard hand.

Smugling av utryddingstrua dyr.

Politi viser fram eit beslag av trua dyrearter i Laos i 2008.

Foto: Anonymous / Ap

Eventyrlege inntekter

Dei vietnamesiske brørne har hovudkvarteret sitt i ein liten thailandsk by i Mekong-deltaet, like ved grensa til Laos, og derfrå styrer dei operasjonane som gir dei eventyrlege inntekter.

Det er godt kjent i lokalmiljøet av dei driv med ulovleg handel med dyr, men dei har også fullt lovlege aktivitetar i eigedomsmarknaden, innanfor handel, jordbruk og reiseliv. Hovudkvarteret deira blir skildra som ei festning.

Freeland meiner dei har dei trappa opp den ulovlege trafikken kraftig dei siste tre åra. Ifølgje The Guardian er styresmaktene i fleire land delaktige i verksemda.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt