Hopp til innhold

Tenåringsjente skulle delta i massedrap - greidde å stikke av

To tenåringsjenter sprengde seg sjølve i lufta og tok med seg 58 andre i døden i ein flyktningleir i det nordvestlege Nigeria tidlegare denne veka. Ei tredje jente greidde å stikke av frå sjølvmordsoppdraget.

Sjølvmordsaksjon i Dikwa-leiren i Nigeria.

Minst 58 menneske vart drepne i angrepet i Dikwa-leiren onsdag denne veka. Her blir ein hardt såra teken om bord i ein ambulanse.

Foto: Jossy Ola / Ap

Det låg døde menneske over alt i leiren etter angrepet. Planen til terrororganisasjonen Boko Haram var at angrepet skulle bli endå meir dødeleg, men den tredje tenåringsjenta greidde å stikke av frå dei to andre. Ho ville ikkje vere med på å drepe uskuldige menneske, og ho visste også at faren hennar kunne var blant flyktningane i leiren.

Det var ei tryggingsvakt i Dikwa-leiren som fann den forskremde jenta etter at dei to andre hadde utført sjølvmordsoppdraget sitt. Ho ville ikkje drepe, men ho var også livredd for mennene frå Boko Haram som gav ordre til angrepet.

Tre tenåringsjenter

Dikwa-leiren i det nordaustlege Nigeria.

Dikwa-leiren er fylt opp av minst 50.000 menneske på flukt frå Boko Haram.

Foto: STRINGER / Afp

Nyheitsbyrået AP har snakka med tryggingsvakta som fann den unge jenta med bombebeltet ein stad utanfor leiren.

– Ho fortalde at ho prøvde å få dei to andre jentene med seg på å ikkje gjennomføre angrepet, men dei let seg ikkje overtale, seier Modu Awami på telefon frå Dikwa-leiren, der det oppheld seg 50.000 menneske som har flykta frå herjingane til Boko Haram.

Han legg til at det etter to dagar framleis er umogleg å seie kor mange som vart drepne i det doble sjølvmordsangrepet, fordi det var restar av døde menneske over alt.

– Det var kvinner, born, menn og eldre blant dei døde. Eg anar ikkje kor mange det var, seier han.

Halden som fange

Jenta, som no er teken hand om av nigerianske styresmakter, har fortalt ho var ei av fleire tusen som har vore haldne som fangar av ekstremistgruppa. Ho skal også ha gitt opplysningar om andre planlagde sjølvmordsangrep.

Algoni Lawan, talsmann for den lokale regjeringa i Ngala, vil ikkje fortelje detaljar om kva jenta har fortalt politiet og tryggingsstyrkane.

Nigerianske styresmakter seier at Boko Haram i løpet av dei siste seks åra har teke livet av 20.000 menneske, gjort 2,5 millionar menneske heimlause og dei siste par åra har dei også utvida virkeområdet sitt til nabolanda Kamerun og Tsjad.

Hardt såra mann på sjukehus i Maiduguri.

Sjukehusa i Maiduguri er fulle av hardt såra menneske frå Boko Haram-angrep. Denne mannen vart livstruande såra i eit angrep 4. februar.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Området erklært trygt

Sjølvmordsaksjonen tidlegare denne veka var tydeleg retta mot menneske på flukt frå Boko Haram. 12.000 av dei 50.000 i leiren kom tilbake til Nigeria i januar etter å ha vore på flukt frå den islamistiske terrororganisasjonen i Kamerun, etter at nigerianske styresmakter hadde erklært at det var trygt i området.

Leiren ligg 50 kilometer frå grensa til Kamerun og 85 kilometer nordaust for Maiduguri, den støraste byen i det nordaustlege Nigeria. Maiduguri blir også rekna som årestaden til Boko Haram.

nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt