– Målet var å drepe seg sjølv og store delar av publikum på konserten i dag eller i morgon, sa etterretningssjef Omar Haijawi-Pirchner under ein pressekonferanse torsdag.
Dei mistenkte er 15, 17 og 19 år gamle.
Styresmaktene seier at planen var å drepe menneske utanfor Ernst Happel Stadium der Taylor Swift skulle spele tre konsertar som del av sin «Eras Tour».
Avisa Kurier skriv at 19-åringen planla å køyre ein bil inn i folkemengda og vurderte å bruke kniv og machete.
– Han sa at han ville gjennomføre angrepet ved bruk av sprengstoff og stikkvåpen. Vi beslagla desse våpena, sa Haijawi-Pirchner.
Den mistenkte hovudpersonen har vedgått planane, seier politiet i landet.
– 19-åringen sa opp jobben sin 25. juli og sa han hadde store planar. Sidan då har han planlagt terrorangrepet, sa tryggingsdirektør Franz Ruf under torsdagens pressekonferanse.
Avlyste konsertar
Konsertane som Taylor Swift skulle halde i Wien denne helga, er avlyste som følgje av terrortrugslane.
– Av omsyn til alle sin tryggleik, har vi ikkje anna val enn å avlyse dei tre planlagde konsertane, sa arrangøren onsdag.
Det var venta 65.000 menneske til kvar konsert.
Statsminister Karl Nehammer skriv på X at «ein tragedie er avverja».
Innanriksminister Gerhard Kerner seier at risikoen for islamistisk terror i Europa har tatt seg opp etter krigen mellom Hamas og Israel.
Neste veke skal Swift spele konsertar i London.
Politiet i landet seier det er ingenting som tilseier at terrortrugslane i Austerrike vil ha noko å seie for dei kommande konsertane i London, melder Reuters.
Avdekka terrorplanar
Ein 19 år gamal austerriksk statsborgar blei pågripen i byen Ternitz onsdag, skulda for å ha planlagt eit angrep mot konsertane.
Politiet har beslaglagt kjemikaliar og teknisk utstyr i bustaden som dei trur var der for å lage ei heimelaga bombe.
Mannen har røter i Nord-Makedonia og blir sett på som IS-sympatisør.
Det var den austerrikske avisa Kronen Zeitung som omtalte hendinga først.
– Den påståtte gjerningsmannen fokuserte på Taylor Swift sine konsertar. Det er avdekka førebuande arbeid. Vi veit også at han sverja truskap til IS for nokre veker sidan, seier tryggingsdirektør Franz Ruf til avisa.
Dei mistenkte skal ha blitt radikalisert på nett og styresmaktene mistenkjer dei for å vere ekstremistar.