Tenåring frikjent 70 år etter avrettinga

14 år gamle George Stinney Jr. måtte sitte på ein telefonkatalog for å passe i den elektriske stolen i 1944, etter at han vart dømd for drapet på to jenter. 70 år etter avrettinga er han frikjent av ein dommar i Sør-Carolina.

USA-SOUTHCAROLINA/ George Stinney Jr appears in an undated police booking photo provided by the South Carolina Department of Archives and History

14 år gamle George Stinney Jr. vart dømd til døden etter ein tre timar lang rettssak, utan at han fekk anke avgjerda.

Foto: HANDOUT / Reuters

George Stinney Jr. vart sendt i den elektriske stol i 1944, for drapet på to jenter på sju og 11 år i mars same år. 70 år seinare har retten i Columbia, Sør-Carolina, frikjent tenåringen for drapet, skriv NBC News.

Fekk aldri anke dommen

14 år gamle Stinney vart framstilt for retten og dømd i løpet av tre timar, og fekk ingen sjanse til å anke dommen. 12 kvite menn brukte 10 minutt på å kome fram til at den svarte tenåringen var skuldig.

Dommar i Sør-Carolina, Carmen Mullen skriv i sine notat om saka at ho ikkje kan tenkje seg ei større urettferd enn den tenåringen opplevde i 1944.

Ingen fysiske bevis

Sju år gamle Mary Emma Thames og elleve år gamle Betty June Binnicker møtte George Stinney Jr og søstera Amie Ruffner i småbyen Alcolu den dagen dei vart drepne.

USA-SOUTHCAROLINA/MURDERS Aime Ruffner is overcome with emotions after testifying at the hearing to reopen the case of George Stinney, Jr., in Sumter

Aime Ruffner har akkurat vitna i høyringa om å gjenopne saka til broren George Stinney Jr.

Foto: RANDALL HILL / Reuters

– Dei spurte meg og bror min om kvar dei kunne finne blomster dei kunne plukke. Vi visste ikkje, så då gjekk dei vidare. Det var det siste vi såg av jentene, seier Ruffner, som no er 77 år gammal.

Dei to kvite jentene vart seinare funne drepne i ei myr, og 14 åringen vart arrestert kort tid etter, sjølv om det ikkje var fysiske bevis som kopla Stinney til jentene.

Stinney skal ha erkjent å ha drepe jentene, men forsvaret i dag meiner at dette skjedde under tvang. Referatet frå rettssaka og avhøyret er forsvunne.

Måtte sitte på ein telefonkatalog

Stinney er den yngste personen som vart offisielt avretta i USA i det førre hundreår. På det dåverande tidspunktet var den kriminelle lågalderen 14 år.

Ifølgje NBC News var tenåringen så liten, at han måtte sitte på ein telefonkatalog for å nå opp i den elektriske stol.

– George og eg var saman heile tida etter at vi møtte jentene den dagen. Politiet leitte etter nokon å skulde på. Så fekk dei bror min som syndebukk, sa søstera til Stinney, Amie Ruffner til WLTX i januar.

Delayed Justice George Junius Stinney, Jr. , Bruce Hamilton

Stinney er den yngste som er avretta i det 20. hundreår. Han måtte sitte på ein telefonkatalog for å rekkje opp i den elektriske stolen.

Foto: Jimmy Price / Ap

Har kjempa lenge for oppattaking

Menneskerettsforkjemparar har lenge kjempa for å få Stinney frikjent, og hevdar at denne saka viser korleis ein svart person kunne bli urettferdig behandla av rettssystemet.

Den siste tida har fleire tusen amerikanarar i storbyar rundt om i USA demonstrert for å vise avsky mot ei rekkje drap som kvite politimenn har gjort mot uvæpna, svarte ofre.

Den siste protestbølgja kom etter at ein storjury i New York avgjorde at politimannen Daniel Pantaleo slepp tiltale, etter at han tok nakkegrep og drap seksbarnsfaren Eric Garner under ein arrestasjon i juli.

SISTE NYTT

Siste nytt