NRK Meny
Normal

Tenårig drepte lærar med armbrøst

Ein 13 år gamal elev er arrestert, sikta for å ha drepe ein lærar og skada fleire andre ved ein vidaregåande skule i Barcelona i Spania.

Skole barcelona armbørst

Ein 13 år gamal gut skal ha drepe ein lærar og såra fire andre ved ein vidaregåande skule i Barcelona måndag formiddag.

Foto: JOSEP LAGO / Afp

Politiet har arrestert ein 13-årig som er sikta for å ha drepe ein samfunnsfagslærar med armbrøst, og såra fire andre ved ein vidaregåande skule i Barcelona. Tre av dei fire som er skadde er no under behandling på Sant Pau sjukehus i Barcelona. Alle skal vera i ein stabil tilstand, ifølge den spanske avisa El Pais.

Hadde fleire våpen

Hendinga fann stad måndag morgon på ein skule som heiter Joan Fuster. Gjerningsmannen var væpna med armbrøst, ein dolk og ein pistol, skriv Al Pais.

Fleire elevar ved skulen seier at 13-åringen prøvde først å skyte sin kvinnelege spansklærar. Ho skal ha bede guten om å gå inn i klasserommet etter at han kom for seint til timen. Gjerningsmannen svart med å skyte ho med armbrøst. Lærarinna fekk lettare skader.

Barcelona armbørst skole drap

Ein samfunnsfagslærar ved ein vidaregåande skule i Barcelona vart drepen av ein elev med armbrøst måndag. Fleire andre er skadde.

Foto: - / Afp

13-åringen skal deretter ha knivstukke dottera til lærarinna, som også er hans medelev. Etter å ha høyrt rop og skrik kom samfunnsfagslæraren inn i klasserommet, og blei deretter skutt med armbrøst i magen.

Uklart mål

Den skadde læraren kan ha vore målet for åtaket, men politiet har framleis ikkje funne noko klart motiv bak hendinga.

For å ha ein armbrøst i Spania må søkaren ha same type løyve som ein treng for å ha jaktrifle. Men eit vitne sitert av spanske medium seier at våpenet var heimelaga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt