Det melder den arabiske fjernsynskanalen al Arabiya.
Stiller krav
Gruppa kallar seg Islams geriljakrigarar "Feyadeen Islam", og stiller fleire krav.
I ei telefonsamtale med korrespondenten til fjernsynskanalen Al Arabiya, kravde i dag ein talsmann for gruppa at Pakistan skal avbryte samarbeidet med USA.
Ifølgje Al Arabiya snakka innringjaren engelsk med sørasiatisk tonefall.
- Unngå press frå USA
Mange meiner at det er samarbeidet med USA som har gjort landet til ei slagmark for muslimske ekstremistar, og fleire tek til orde for at landet må følgje si eigen linje i kampen mot terror.
- Vi må unngå å bli pressa av USA og heller tenkje sjølv, seier opposisjonspolitikaren Nawaz Sharif til den italienske avisa La Repubblica.
Han meiner regjeringa må forhandle med opprørarane nordvest i landet i staden for å bruke militærmakt.
Planla middag
I dag vart det kjent at dei øvste leiarane i Pakistan skulle ha ete middag ved Marriott Hotel då bomba eksploderte.
Ifølge innanriksministeren vart middagen flytta til bustaden til statsministeren like før åtaket. Det er ukjent kvifor middagen ved hotellet vart avlyst.
53 menneske vart drepne og meir enn 250 såra i eksplosjonen.
Luksushotellet er populært blant utanlandske turistar, forretningsfolk, diplomatar og journalistar.
Fryktar for stabiliteten
Analytikarar er uroa for den politiske stabiliteten i Pakistan.
Finansanalytikarar fryktar at valden fører til at investorar trekkjer seg ut av landet.
Nett-TV: Fryktar borgerkrig i Pakistan: