Dette skjer etter at USA, EU, Japan og Sør-Korea har vorte samde om å stanse leveransane av råolje til Nord-Korea frå og med denne månaden. No meiner Nord-Korea at oljeboikotten rettferdiggjer å starte opp att atomprogrammet.
Nord-Korea vil starte opp igjen atomkraftprogrammet som vart frose i 1994. (Foto: IAE/Reuters)
Kraftmangel
Styresmaktene i landet hevdar at det er mangelen på kraft som har ført til at dei no må starte opp igjen atomprogrammet sitt.
Denne avtalen innebar at Nord-Korea skulle fryse heile atomprogrammet sitt, mot at USA skulle hjelpe landet med å byggje to reaktorar til kraftproduksjon og ei årleg levering av 500.000 tonn råolje.
Nord-Korea seier også at det neste steget i denne saka er avhengig av USA.- Vi ynskjer ein fredeleg utgang på denne striden, seier ein representant for styresmaktene i Pyongyang.
Sør-Korea svarte på meldinga frå nord med å samankalle tryggingskabinettet til eit krisemøte. Etter møtet vart det sendt ut ei fråsegn der det heiter at Sør-Korea beklagar Nord-Korea si avgjerd, og uttrykkjer samstundes alvorleg uro for situasjonen på den koreanske halvøya.
Forhandlingar
Politiske observatørar ser på det nordkoreanske utspelet som eit siste forsøk på å tvinge USA tilbake til forhandlingsbordet. Det blir også sett i samanheng med valet på ny president i nabolandet Sør-Korea torsdag 19. desember.
Suh Dae-sook, Nord-Korea-eskpert ved Unviersitetet i Honululu på Hawaii, seier til nyheitsbyrået Reuters at det nordkoreanske utspelet må sjåast i samanheng med ynskjet om nye forhandlingar med USA. USA har på si side utelukka nye forhandlingar så lenge Pyongyang ikkje gir opp forsøket på å skaffe seg uran som kan nyttast i atomvåpen.
- Eg trur matkhavarane i Nord-Korea er klare for forhandlingar. Det er eigentleg det einaste alternativet dei har, seier Suh Dae-sook.
Forsiktig
Japan har bede andre land om å reagere forsiktig på den nordkoreanske avgjerda, og ber om at spørsmålet blir løyst gjennom forhandlingar mellom Nord-Korea, Sør-Korea og USA.
USAs viseutanriksminister Richard Armitage seier at Kina støttar USA sitt syn på at Nord-Korea skal stanse atomprogrammet sitt, og at han kjenner seg trygg på at Kina vil støtte Washington i å leggje press på Nord-Korea i dene saka.