Hopp til innhold

Kong Harald tek farvel med sitt førebilete

Kong Harald, Erna Solberg, norske politikarar og Sør-Afrika-vener tek farvel med Nelson Mandela. På Twitter og Facebook er det mange som minnest fridomsforkjemparen.

Kong Harald og Mandela

I 2005 var Nelson Mandela og hans kone Graca Michel på besøk hos kong Harald på slottet.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix

I tillegg til Erna Solberg har også kong Harald, som sjølv har møtt Nelson Mandela, uttrykt si sorg over Nelson Mandelas død.

– Det er med stor sorg at eg har teke imot nyheita om at Nelson Mandela er død, seier kong Harald.

Kongen og statsministeren med siste farvel

Kongen har tidlegare møtt fridomsforkjemparen, mellom anna då Mandela tok imot fredsprisen i 1993.

– Eg har beundra motet hans, visdommen og hans evner til forsoning. I ein situasjon prega av vald og hemnlyst klarte han å hente ut det beste, både i seg sjølv og sine medborgarar. Han viste verda at det er mogleg å velje forsoning framfor hemn, velje det som bygger opp framfor det som riv ned, heiter det i melding frå kongehuset, underteikna kong Harald, i kveld.

Erna Face

Statsminister Erna Solberg uttrykkjer si sorg og respekt på Facebook.

Foto: Skjermdump

Siv Jensen tek farvel med Mandela

Også finansminister og leiar i Frp tek farvel med fridsomforkjemparen.

Foto: Skjermdump

Statsministeren tek farvel

Statsminister Erna Solberg fortel om ein av verdas største leiarar når NRK møter ho i statsministerbustaden.

– Det er ein utruleg trist nyheit å få. Han er sannsynleg vår tids viktigaste leiar. Han var ein inspirasjon til leiarar rundt om i verda. Han er eit symbol på håp, symbol på demokrati og symbol på klokskap når verda er vanskeleg og konfliktane er tøffe, seier Solberg.

– På kva måte har Mandela inspirert deg?

– For meg har det vore ein viktig bodskap å hugse at det er viktig å leite etter rettferd etter ei konflikt. Men det er også viktig å sjå framover, og det er alltid viktig å tenke på morgondagen, seier statsministeren til NRK.

Solberg utfyller sine kommentarar i ei pressemelding frå statsministeren sitt kontor.

– Nelson Mandela viste personleg integritet, klokskap og store statsmannsevner. Det er vanskeleg å førestille seg andre som i sterkare grad har bidratt til å forme vår tenking rundt politisk leiarskap og forsoning, seier Solberg.

Stoltenberg samarbeida med Mandela

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg kallar Mandela for den største leiaren i vår tid.

– Verda har mista den største leiaren i vår tid. Nelson Mandela var ein stor frigjeringshelt. Han var med på å skape eit demokratisk og fritt Sør-Afrika, og han via dei siste åra av livet sitt til kampen mot fattigdom, for barn og mot undertrykking. Ei heil verd kjem til å sakne han, seier Stoltenberg.

Stoltenberg fortel om eit førebilete som han alltid har sett opp til.

– Eg hadde gleda av å samarbeide med han i mange år. Han leia vaksinefondet, og det arbeidet som handla om å vaksinere verdas barn. Eg sat i det styret saman med han og respekten min og beundring mi for Nelson Mandela vaks gjennom desse åra, seier Ap-leiaren.

Tek farvel på Twitter

Andre som uttrykkjer si sorg over dødsbodskapen er tidlegare statsminister, Jens Stoltenberg, tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide, leiar i SV Audun Lysbakken og Krf-leiar Knut Arild Hareide.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Også andre tek farvel. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres er blant dei som uttrykkjer si sorg.

Laster Twitter-innhold

Det same gjer biskop og tidlegare leiar i Kirkens Nødhjelp, Atle Sommerfeldt.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt