NRK Meny
Normal

Netanyahu fordømmer drapet på palestinsk 16-åring

Israels statsminister Bejamin Netanyahu tek sterk avstand frå drapet på ein palestinsk 16-åring i Jerusalem i natt. Drapet var truleg hemn for drapa på tre jødiske ungdomar tidlegare denne månaden.

Palstinsk tenåring drepen i Jerusalem.

Ein israelsk politimann framfor skogsområdet der ein palestinsk 16-åring vart funnen drepen i natt.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

Det var grytidleg i dag at politiet fann liket av ein palestinsk tenåring i ein skogsområde i det sørvestlege Jerusalem. Drapet vart straks knytt til meldingar om at ein palestinsk ungdom vart dregen inn i ein svart bil og bortført frå bydelen Shoafat i den austlege delen av byen seint i går kveld.

Palestinsk 16-åring drept.

Mohammed Abu Khder ble funnet drept i et skogholt i Jerusalem i dag tidlig.

Eit vitne fortel at guten stod ved vegkanten og haika då bilen med tre menn om bord stansa og tvang han inn i køyretøyet.

– Utsett for vald

Talsmann for israelsk politi, Micky Rosenfeld, seier at dei etterforskar om drapet på tenåringen har noko med bortføringa i går å gjere. Augevitne fortel til nettstaden Ynet at liket som vart funne bar preg av å ha vore utsett for vald.

Politiet har sperra av eit stort område i skogen der ungdomen vart funnen, og det er sett i verk jakt på dei som kan ha stått bak, blir det opplyst.

Ei tryggingskjelde seier til Reuters at ungdomen truleg vart drepen som hemn for drapa på tre jødiske ungdomar, som vart gravlagde i går. Dei tre vart bortførte 9. juni og lika deira vart funne like ved Hebron måndag. Mistanken rettar seg mot ytterleggåande busetjarar.

I morgontimane i dag samla det seg ei stor gruppe rasande palestinarar utanfor heimen til den drepne 16-åringen i Aust-Jerusalem. Dei kasta stein mot politiet, og politiet svarte med å skyte gummikuler og sjokkgranatar.

Samanstøytar i Aust-Jerusalem.

Rasande ungdomar kasta stein på politiet nær heimen til den drepne 16-åringen i Aust-Jerusalem.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

To journalistar vart lettare såra, melder AFP. Ordføraren i Jerusalem, Nir Barkat, tek sterk avstand frå drapet på 16-åringen og ber om ro.

Krav om hemn

Drapet på dei tre jødiske ungdomane har vekt sinne i Israel, og statsminister Benjamin Netanyahu vart raskt ut med å skulde Hamas for drapa. Hamas nektar for å stå bak, men israelske styresmakter seier dei har klare bevis for at to Hamas-leiarar frå Hebron tok livet av ungdomane.

Etter gravferda i går deltok fleire titals personar i ein demonstrasjon med krav om kraftige hemnaksjonar etter drapa på dei tre israelarane.

Politiet opplyser at 47 personar vart arresterte etter at rundt 200 demonstrantar gjekk rundt i Jerusalem, stansa bilar og ropte «død over arabarane». Eit augevitne seier det var tydeleg at dei leitte etter palestinarar.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu heldt i går kveld eit nytt møte med tryggingsrådgivarane sine for å avgjere korleis Israel skal reagere på drapa på dei tre jødiske ungdomane.

Innslag fra DR12.

VIDEO: Etterforskar hemndrap i Jerusalem.

Israelsk fordømming

Israels statsminister Benjamin Netanyahu kom i føremiddag med ei kraftig fordømming av drapet, og han kalla drapet på den palestinske 16-åringen for ynkeleg og forakteleg. Han åtvarar alle mot å ta lova i eigne hender.

Den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, kravde tidlegare i dag at israelske styresmakter skulle ta avstand frå bortføringa og drapet på den palestinske tenåringen.

– Abbas krev at Benjamin Netanyahu tek avstand frå drapet på den palestinske tenåringen Mohammed Abu Khder, på same måte som vi tok avstand frå bortføringa og drapa på dei tre jødiske ungdomane, heiter det i ei fråsegn frå kontoret til Abbas.

LES OGSÅ: Israel offentliggjør nødsamtale

LES OGSÅ: – Kollektiv avstraffelse på usikkert grunnlag

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt