Hopp til innhold

Borgarkrigsherja Syria er trua av matvarekrise

FNs spesialutsending til Syria, Lakhdar Brahimi, sa i eit lukka møte i Tryggingsrådet i FN i dag at Syria står overfor ei alvorleg matvarekrise.

Tre born vart drepne då huset deira vart utsett for angrep.

Tre born vart drepne då dette huset i Aleppo vart bomba i dag.

Foto: - / Afp

Borgarkrigen i landet hindrar innhaustinga av korn og andre livsviktige matvarer.

Lakhdar Brahimi

Lakhdar Brahimi teiknar eit dystert bilete av situasjonen i Syria.

Foto: Michel Euler / Ap

Brahimi teikna eit dystert bilete av det som skjer i Syria, etter at han sist veke vitja landet og hadde samtalar med politiske leiarar der. Situasjonen i landet blir verre dag for dag, sa han.

Spesialutsendingen sa også at Assad-regimet i Syria reknar med at det er rundt 5000 utanlandske soldatar i landet no, og at regimet omtalar borgarkrigen som ein utanlandsk konspirasjon.

– Tortur er rutine

Den tidlegare utanriksministeren i Algerie, som no er både FN og Den arabiske liga sin spesialutsending til Syria, møtte også president Bashar al-Assad under reisa si i Syria. Han hadde lite positivt å kome med til Tryggingsrådet i dag.

Ein syrisk regjeringssoldat brenn flagget til opprørarane i Aleppo.

Syriske regjeringssoldatar brenn opprørarane sitt flagg i Aleppo måndag.

Foto: - / Afp

Han sa blant anna at tortur av fangar hadde blitt rutine, og at folk er redde for å oppsøkje sjukehus som er under regjeringshæren sin kontroll.

Brahimi sa at rundt 1,5 millionar menneske har flykta frå heimane sine i Syria, og at kamphandlingane har øydelagt avlingar i store delar av landet.

Samstundes kjem det nye meldingar om drap på born og andre uskuldige i Syria. I dag skal tre born ha blitt drepne i eit flyangrep mot opprørsstyrkar i den økonomiske hovudstaden Aleppo.

Huset borna oppheldt seg i vart ramma av ei bombe, og fleire menneske kan vere gravlagde i ruinane av huset. Dei tre borna som miste livet kom alle frå same familien.

LES OGSÅ: Førstedamen viste seg for første gang på flere måneder

LES OGSÅ: – Han gikk for å kjøpe brød, og siden har ingen sett ham

Harde kampar

Det er meldt om harde kampar i dei vestlege distrikta Jamiliyeh, Bustan al-Qasr, Furqan og Zabdiyeh, medan regjeringshæren bombarderte opprørsstillingar i byane Marjeh, Tariq al-Bab og Zabdiyeh, melder ei menneskerettsgruppe med base i Storbritannia.

Også i hovudstaden Damaskus har det vore kamphandlingar.

Utbomba gate i Aleppo.

Det var kraftig bombardement i Aleppo måndag, og heile nabolag ligg i ruinar.

Foto: - / Afp

Minst 80 menneske vart drepne i kampar i Syria søndag, og halvparten skal vere sivile, melder ei opprørsgruppe.

I går sa oberst Ahmad Abdul Wahab i Den frie syriske hæren at opprørarane kontrollerer størstedelen av landet, og at regimet sin luftstyrke er einaste grunnen til at dei ikkje har teke kontroll over Damaskus.

LES OGSÅ: Syriske opprørarar tok grensepost

LES OGSÅ: Økende antall utenlandske islamister som kjemper i Syria

– Kontrollerer det meste av landet

– Vi kontrollerer det meste av landet. I dei fleste regionar er regjeringssoldatane fangar inn i sine eigne brakker. Dei er veldig lite ute, og vi kan røyve oss fritt stort sett over alt, sa Wahab blant anna.

Laurdag sa ein annan kommandant i Den frie syriske hæren at det neste steget deira blir å frigjere Damaskus. I går hevda opprørarane å ha skote ned to av regjeringshæren sine angrepsfly.

Tysdag startar møtet i FNs hovudforsamling. Syria står ikkje dagsordenen for møtet, men det er venta at land som USA og andre vestlege leiarar vil ta opp situasjonen i det borgarkrigsherja landet.

LES OGSÅ: - FNs Syria-utsending vil mislykkes

– Inga semje eller framgang

Ein anonym FN-diplomat seier det slik til nyheitsbyrået AFP:

– Alle kjem til å tenkje på Syria, snakke om Syria, men det blir inga semje eller skikkeleg framgang.

SISTE NYTT

Siste nytt