NRK Meny
Normal

Taylor-rettsak utsett

Rettsaka mot den tidlegare presidenten i Liberia, Charles Taylor, er utsett til 7. januar neste år.

Charles Taylor

Rettsaka mot Liberias tidlegare president, Charles Taylor, er utsett.

Foto: GEORGE OSODI / AFP

Taylor er tiltalt ved for krigslovbrot i samband med borgarkrigen i Liberias naboland Sierra Leone frå 1991 til 2002.

Saka går i Haag i Nederland, og vert utsett fordi forsvarsadvokatane til Charles Taylor har bede om meir tid til å førebu seg.

Forsvararen Courtenay Griffiths seier han har funne eit arkiv på 20 kassar, med papir som tilhøyrer den tidlegare presidenten, ifølgje BBC.

- Vi har funne eit personleg brev frå USAs tidlegare president Jimmy Carter til president Taylor, seier Griffiths.

Han meiner denne type materiale kan bli viktig i saka.

Charles Taylor

Tidlegare president i Liberia, Charles Taylor.

Foto: BEN CURTIS / AP

Nyleg oppnemnd forsvarar

Forsvararen fekk nyleg jobben, medan aktoratet har hatt fleire år på å byggje opp saka.

- Retten er av den oppfatning at den nye gruppa av forsvararar har rett til meir tid, sa dommar Julia Sebutinde måndag.

Ho fastslo at ei utsetjing på fire månader er fornuftig, fordi saka er svært komplisert.

Støtta brutale opprørsgrupper

Taylor er tiltalt for å ha støtta og væpna brutale opprørsgrupper som drepte eller hogg armar og bein av titusnar av sivile under borgarkrigen i Sierra Leone.

Tiltalen inkluderer også seksuelt slaveri og bruk av barnesoldatar.

Charles Taylor, 1990

Dete bilete syner Charles Taylor i 1990, ved ein pressekonferanse i Sierra Leone.

Foto: FRANCOIS ROJON / AFP

Aktoratet ønskjer at ti av ofra for handlingane skal stille som vitner under rettsaka, noko forsvararane protesterer mot.

- Ved første augekast kan vi ikkje sjå relevansen i å føre desse vitna med mindre aktoratet vil ha ei kjenslemessig effekt av å frakte personar utan lemmar frå Vest- Afrika, sa Taylor sin forsvarar Courtenay Griffiths.

Nektar skuld

Taylor er den første afrikanske statsleiaren som vert stillt for ein internasjonal straffedomstol.

Han boikotta starten på rettsaka 4. juni, og ønska opprinneleg å vere sin eigen forsvarar.

Les også: Taylor nektar å møte i retten

Han har erklært seg ikkje skuldig på alle dei elleve punkt han er tiltalt på.

Les også: Charles Taylor nektar seg skuldig

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt