Taxisjåfør skada av eigen bombe i New York

Mann (27) frå Bangladesh forsøkte å utløyse bombe på ein t-banestasjon på Manhattan. Ordførar i New York meiner at det var eit terroråtak.

En overvåkningsvideo viser eksplosjonen som gjorde gjerningsmannen alvorlig skadet under mandagens forsøk på terror ved New Yorks Port Authority buss- og undergrunnsterminal.

– Dette er heilt klart eit forsøk på terror, sa ordførar Bill de Blasio under ein pressekonferanse.

Det blei først meldt om at gjerningspersonen og tre andre var skada. Seint måndag kveld bekreftes det at det berre er gjerningspersonen som er alvorleg skada, ifølge NTB.

Den 27 år gamle taxisjåføren skal ha prøvd å detonere ein heimelaga røyrbombe festa til sin eigen kropp. Den eksploderte berre delvis. NTB melder at politiet trur at bomba enten var feilkonstruert eller at noko gjekk gale da han prøvde å detonere den.

Politiet identifiserer gjerningsmannen som Akayed Ullah. Han er amerikansk statsborgar, men er opphavleg frå Bangladesh. Han har budd i New York i fleire år.

Akayed Ullah, her på eit førarkort i 2011

Dette er det første biletet av Ullah som er blitt tilgjengeleg. Det er frå eit førarkort frå 2011.

Foto: AP

Usikkert motiv

CNN skriv måndag kveld at gjerningsmannen Akayed Ullah har sagt til politikjelder at motivet for å detonere bomba er dei siste israelske aksjonane på Gaza. Dette er ikkje bekrefta kjelder.

CNN og andre amerikanske media skriv at han skal vere inspirert av terrororganisasjonen IS. NTB melder at New Yorks guvernør Andrew Cuomo seier at det er ingenting som tyder på at Ullah er knytt til eit «sofistikert nettverk», men at han kan ha vore påverka av IS eller andre ekstremistgrupper.

NEWYORK-INCIDENT/

NAUDETATANE PÅ PLASS: Brannbilar og politi krinsa rundt den stengde avenyen ved Port Authority.

Foto: STAFF / Reuters

Inngangsporten til New York

Grunnlagd i 1921, «Port authority» har blitt den største bussterminalen i USA.

Det er inngangsporten for pendlarane frå New Jersey.

Om lag 8.000 bussar og 225.000 menneske passerer gjennom stasjonen på ein vanleg kvardag, og meir enn 65 millionar menneske i året.

Stasjonen har korrespondanse med undergrunnsbanen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt