NRK Meny
Normal

Tårer, latter og flørt etter 60 år frå kvarandre

Eit ektepar i slutten av 80-åra har ikkje tatt på kvarandre sidan dei var i 20-åra. Koreakrigen splitta dei to, men i dag fekk dei endeleg sjå kvarandre att.

Sør-Kore-Nord-Korea-Gjenforening

Sørkoreanske Lee Sun-Gyu er 85 år. Her flørtar ho med ektemannen ved å gje han ein kjeks, etterfølgt av ein god dose knising. Ho og mannen Oh In-Se har vore splitta i over seksti år. Ho er 85 år og bur i Sør-Korea, og han er 83 år frå Nord-Korea. Sjå video då ekteparet og fleire andre møttest att i dag, etter 60 år frå kvarandre.

Chae Hee-yang er 66 år gamal. Han er fødd i Nord-Korea, men flykta frå landet under Koreakrigen på 1950-talet. For nokre veker sidan trakk han vinnarloddet. Han skulle få reise tilbake til fødelandet og møte sin far.

South Korea Koreas Divided Families

Førre gong Chan Hee-yang var i henda til faren, så var han eitt år gamal. I dag er han 66 år, og dei møttest att. Det vart tårevått.

Foto: null / Ap

Saman att etter 60 år

Førre gong dei var saman var då Chae var eitt år gamal. Gleda var stor då dei endeleg møttest att i dag.

Den same gleda kjente også fleire hundre andre på, for det var mange som fekk møte sine slektningar att i dag. Ektepar fekk halde kvarandre i henda, søsken fekk gje kvarandre ein klem. Alle har dei levd på kvar si side av verdas mest militariserte landegrense i over 60 år.

Nord-Korea sør-korea, reunion

Søskenkjærleik. Kim Bok-rak, til høgre, tek godt tak i systera Kim Jeon Soon. Han bur i dag i Sør-Korea, medan ho vart verande att i Nord-Korea.

Foto: NEWS1 / Reuters

Møta mellom dei splitta slektningane er eit ledd i ein avtale som Nord- og Sør-Korea har inngått, og skal bidra til at konfliktnivået mellom dei to landa vert dempa.

Mange flykta frå Nord til Sør under den tre år lange Koreakrigen på 50-talet. Familiar og ektepar vart splitta og har sidan den gong dei levd i to heilt ulike samfunn.

Korean War Refugees Flee - korea flyktninger over bru fra nord korea

Hundrevis av flyktningar frå Nord-Korea prøver å ta seg over ei øydelagd bru i 1950. Mange flykta frå nord til sør, og mange familiar vart splitta som følger av krigen.

Foto: MAX DESFOR / Ap

Risikerer liva

Seinare har det vore langt vanskelegare å flykte frå Nord-Korea, men etter ein hungersnaud på midten av 90-talet var det stadig fleire som flykta ut av Nord-Korea. Dei fleste av dei kom seg nordover til Kina.

Richard Skretteberg, Flyktninghjelpen

Richard Skretteberg fortel om eit folk nordkoreansk folk som stadig lever på ein knivegg.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Kina ser på flyktningane som arbeidsimmigrantar med ulovleg opphald, og nektar dei som kjem til landet å søke asyl. Dei risikerer difor å bli sende tilbake, med dei konsekvensane som det kan ha, seier Richard Skretteberg i Flyktninghjelpen.

Må reise kvar til sitt

Flyktningane fortel at dei har reist frå eit slaveliv der arbeid står i sentrum, og kor ein kan bli straffa hardt for små lovbrot. Fangeleire er vanleg i Nord-Korea, og skakande historier om mødrer som må drukne sine eigne babyar og systematiske valdtekter har kasta særs lange skuggar over eit regime som prøver å framstille landet positivt.

Årleg flyktar rundt 2.000 menneske ut av Nord-Korea. Nesten 25.000 av desse bur i nabolandet Sør-Korea. Dei fleste flyktar på grunn av mangel på mat og vanskelege levetilhøve, seier Skretterberg i Flyktninghjelpen.

Nord-Korea-Sør-Korea-Reunion

Nordkoreanske Chae Hun-Sik på 88 år møter sine sørkoreanske slektningar.

Foto: KPPA / Afp

– Det er eit folk som lever på kniveggen heile tida. Fordi ei stor naturkatastrofe er nok til å skape enorme humanitære konsekvensar for matsituasjonen.

Denne veka feira den kommunistiske arbeidarpartiet i Nord-Korea 70 år, og varta opp til storstilt feiring.

Etter dagens reunion må familiemedlemmane på ny reise kvar til sitt, vel vitande om at dette sannsynlegvis var siste gong fekk ta på, sanne med og sjå sine kjære.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt