Hopp til innhold

Tåregass og vold under innsettinga av Kenyatta

Klammeri i trengsla inn til innsettingsseremonien, utarta til samanstøyt med politiet. Fleire vart skadde, og tåregassen svevde i lufta, medan Kenyas nye president budde seg på å bli teken i eid.

KENYA-POLITICS/INAUGURATION

OPPTØYAR UTANFOR STADION: Politiet nyttar tåregass for å spreie tilhengarar som prøvar å presse seg inn på stadion i Nairobi.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

– Dei slo oss som om vi var frå opposisjonspartiet NASA, sa Janet Wambua til nyheitsbyrået AFP.

Ho var ein av dei som slost med politiet.

Fleire hadde prøvd å presse seg inn på stadion, sjølv om alle dei 60.000 plassane var tekne.

Laster Twitter-innhold

Men innanfor var stemninga upåklageleg.

Folkemengda jubla da president Uhuru Kenyatta (56) vart teken i eid for fem nye år.

Tilhengarar hadde blitt bussa inn til Kasarani stadion i Nairobi, frå store delar av landet.

KENYA-POLITICS/

SIGERHERREN: Uhuru Kenyatta kom til seremonien i ein pansra bil

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Også tåregass hjå taparen

I ein annan del av den kenyanske hovudstaden sperra politiet av eit område der opposisjonsleiar og valtapar Raila Odinga heldt folkemøte.

Også der måtte politiet spreie demonstrantar med tåregass, for å hindre at opptøyane spreidde seg.

Kenyatta vann presidentvalet med 54 prosent av stemmene i august, men Odinga og opposisjonen protesterte og fekk resultatet annullert som følgje av brot på vallova.

APTOPIX Kenya Elections

JUBEL: Tilhengarane feirar presidenten.

Foto: Ben Curtis / AP

Det vart halde omval i oktober, noko Odinga boikotta.

Kenyatta fekk dermed 98,2 prosent av stemmene, men valdeltakinga var berre på 38 prosent.

Odinga protesterte på ny mot resultatet, men vann ikkje fram med kravet om nok eit nyval.

SISTE NYTT

Siste nytt