Hopp til innhold

Tåregass mot protest i Tunisia

Opprørspolitiet brukte tåregass mot dei som demonstrerer mot den nye regjeringa i sentrum av Tunis. Det er også meldt om demonstrasjonar i fleire andre byar.

Video Tåregass mot demonstranter i Tunis

Demonstrantar nektar å godkjenne overgangsregjeringa i Tunisia.

Ein mann blør frå tinningen etter samanstøyt med politiet

Ein mann blør frå tinningen etter samanstøyt med politiet.

Foto: FRED DUFOUR / Afp
Demonstranter nekter å godkjenne regjering i Tunisia

Demonstrantar nektar å godkjenne den nye regjeringa i Tunisia.

Foto: FETHI BELAID / Afp
Ein politimann dekkjer til ansiktet mot tåregassen

Ein politimann dekkjer til ansiktet mot tåregassen.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Fleire tusen demonstrantar protesterer i gatene i Tunisia, og krev at alle medlemmer av det gamle regimet blir kasta ut av regjeringa.

Mange er misnøgde med at gamle støttestpelarar av den gamle presidenten Zine al-Abidine Ben Ali framleis sit med makta.

– Den nye regjeringa er ein skam. Det er ei fornærming mot revolusjonen som krevde menneskeliv og blod, seier studenten Ahmed al-Haji til nyheitsbyrået Reuters.

Straffar Ben Ali-tilhengjarar

I går danna statsminister Mohamed Ghannouchi ei mellombels regjering der ministrar frå den gamle regjeringa har fått dei fleste og viktigaste posisjonane.

Regjeringa har lovd å sleppe fri politiske fangar, innføre presse- og organisasjonsfridom og å rettsforfølgje korrupsjon.

Statsministeren seier at han vil skåne ministrane som blir med over i den nye regjeringa, men at dei som trekk seg, skal bli straffa.

– Alle som deltok i undertrykkinga i Tunisia medan Zine El Abidine Ben Ali var president, skal bli stilte til ansvar, seier Ghannouchi ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Dei som blir med vidare, går fri.

– Dei har reine hender og har alltid arbeidd for å ta vare på dei internasjonale interessene våre, seier han.

Avviser diktatur

Til den franske radiostasjonen Europe 1 avviser statsministeren at «diktaturet under Ben Ali» vil halde fram.

Mohamed Ghannouchi

Mohamed Ghannouchi presenterte si nye regjering i går.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Mohamed Elbaradei, sjef for Det internasjonale atomenergibyrået IAEA

Uroen kjem til å spreie seg, trur Mohamed ElBaradei, som er opposisjonell i Egypt.

Foto: Herwig Prammer / Scanpix/Reuters

– Det er urettferdig. I dag er det ein ny æra av fridom som kan bli sett på fjernsyn og på gata, seier Ghannouchi.

Den faglege hovudorganisasjonen i landet har trekt sine tre ministrar frå overgangsregjeringa. Også dei krev at medlemmer av det gamle regimet må bli ekskluderte.

Fagforeininga spelte ei nøkkelrolle i protestane som til slutt førte til at president Zine al-Abidine Ben Ali måtte flykte frå landet .

Spreidd til nabolanda

Arabarar i heile Midtausten følgjer utviklinga i Tunisia. I dag kom nye protestaksjonar som kan minne om hendinga som utløyste det tunisiske opprøret .

I Egypt har tre personar sett fyr på seg sjølve dei siste to dagane. Ein av dei døydde i dag av skadane han påførte seg, skriv nyheitsbyrået AFP.

Analytikarar er usikre på om opprøret i Tunisia kan spreie seg og også truge fleire andre autoritære regime. Mohamed ElBaradei, som har gått frå å vere leiar for atombyrået i FN til å bli opposisjonell i Egypt, meiner endringar kan skje i Egypt.

– Det er ikkje til å unngå. Det må kome endringar, sier han til det austerikske nyheitsbyåret APA.

SISTE NYTT

Siste nytt