I den greske hovudstaden Aten brukar opprørspoliti tåregass mot demonstrantar som meiner offentlege lønskutt er urettferdige og meiningslause.
Også fly- og togtrafikken i landet blir ramma av aksjonane som blir sette i verk medan landet er midt i ei alvorleg gjeldskrise.
Motset seg lønskutt
Statsminister George Papandreou har bede offentleg tilsette vere førebilete og godta lågare lønn, på grunn av store problem i gresk økonomi.
Den største fagrørsla for offentleg tilsette i landet, med over 300.000 tilsette, vil motsette seg dette og starta protestmøter i Aten og Thessaloniki.
Regjeringa i landet er pressa av dei store EU-landa for å få ned underskotet i statsbudsjettet.
EU fryktar at Hellas ikkje klarar å handtere statsgjelda, og at krisa i landet skal spreie seg til andre land i eurosonen med svake økonomiar, som Spania og Portugal.
Fly og tog står
For å få Hellas ut av krisa, har regjeringa varsla fleire tiltak, mellom anna ei skattereform og høgare pensjonsalder. Men det er frykta at fagrørsla vil slå tilbake alle forsøk på å redusere offentlege utgifter.
Flytrafikken i Hellas står etter streiken som starta i dag tidleg. Også togtrafikken er redusert.
Streiken og demonstrasjonane startar same dag som statsminister Papandrou skulle møte den franske presidenten Nicolas Sarkozy i Paris for å diskutere økonomisk politikk.